torsdag 3. april 2008

31/03-08 Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er for meg eit av dei viktigaste omgrepa innanfor skulesamanheng. Ingen elevar er like, og berre det seier ikkje så altfor lite. I ei draumeverd skulle det i ein klasse ha vore så mange arbeidsplanar som talet på elevar - arbeidet skal tilpassast den einskilde! Men kvar ligg ressursane...? Andre tankar eg gjer meg er om ein lærar i det heile har moglegheit til å tilpassa arbeidet til 20/25 elevar kvar dag? Korleis kan dette vere mogleg i praksis, når me veit at alle elevar lærer på ulike måtar (ulike læringsstilar)?

Tilpassa opplæring er eit tema ein ikkje kan lesa seg til, frustrerande nok. Det finst ikkje noko fasit på korleis ein skal eller bør tilpassa arbeidet til den einskilde elev. Dette er noko ein lærar må lære seg på eiga hand, etter erfaring eller i samråd med andre. Det finst sjølvsagt mykje litteratur som er skrive om tilpassa opplæring, men i bunn og grunn er det den einskide lærar som må finne ut korleis ein sjølv vel å gjere det. Frå klasse til klasse kan det vere ulike metodar som vert sett i bruk.

Tilpassa opplæring vart lovfesta i 1998. Ikkje før? har eg tenkt.. men som Åshild påpeika i timen: sjølv om lova kom i 1998, tyder ikkje det at ikkje dette har vorte praktisert i lengre tid. Det at det no er ti år si denne lova kom, tyder i alle fall på at me er på rett veg. Tilpassa opplæring er ei plikt for skuleeigarar og personal til å gje ei god og forsvarleg opplæring ut i frå einskildeleven sine evner og forutsetnader. Det er her nøkkelomgrepa ligg! Eleven sine evner og forutsetnader.. Om ikkje arbeidet vert tilpassa, kva utbyte får då eleven av undervisninga/opplæringa? Ingenting. Me er her inne på at læraren, medelevar eller andre med meir utvida kunnskap, skal fungere som eit stillas (Bruner) for den aktuelle eleven; som skal støtte eleven og "push'e" han fram mot den neste høgda eller det neste nivået i hans eller hennar utviklingstårn. Den proksimale utvklingssona er også eit viktig omgrep frå teorien som passar inn i dette tema.

Det finst mange årsker til at elevar treng å få tilpassa opplæringa. Autisme, lese- og skrivevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, dyskalkuli (matematikkvanskar), MBD, ulike former for utviklingshemming og syns- og hørselvanskar, er døme på problemområde.

Tilpassa opplæring er eit av dei områda eg på ein annan måte synest er vanskeleg å forhalde meg til. Det å ikkje ha ein fasit på korleis ting skal organiserast eller planleggast, er utfordrande. Det er opp til deg sjølv kva du synest er best i den aktuelle situasjonen. Det seier også difor mykje om kor vitig planlegginga av undervisninga er. Her må ein verkeleg bruke hovudet!

Eg vel å avslutte med sitatet frå Johan Amos Comenius: Alle kan lære alt.

Seinare revidering:
Når det gjeld erfaringar om TPO knytt til praksis, fekk eg jo oppleve og erfare litt på dette område sjølv. Det å plutseleg måtte ha eit tilleggsansvar for to elevar, som til vanleg har timar saman med eigen assistent, var svært utfordrande. Desse to elevane krevde sitt, men det gjorde også dei tjue resterande elevane i klassen. Dei to gongene dette skjedde, takla eg det på ulike måtar, og heldigvis viste klassen forståing for at eg var nøydd til å tak i dei to elevane og gje dei mi merksemd, den eine gongen eg valte dette. I slike tilfelle blir med eitt yrkesetikken dradd inn i biletet, og ein må då stille seg det store spørsmålet: skal ein omsyn til den eine eller fleirtalet? Konklusjonen på dette spørsmålet hadde nok blitt eit heilt anna om dette hadde vore tilfellet gjennom heile praksisperioden, eller gjennom eit heilt år. Då kunne eit slikt val fått store konsekvensar, anten for klassen eller for dei to elevane. Den andre gongen valte eg derimot fleirtalet si nytte av timen, og lot dei to elevane få sitte på pultane sine å halde på med sitt (teikne, skrive forteljing o.l.). Dette blir slike "nødløysingar" som eg trur titt og ofte kan forkomme i skulekvardagen. På lang sikt trur eg ikkje dette gjer så mykje, berre det ikkje skjer for ofte.

Elles opplevde eg ikkje så mange andre erfaringar i forhold til TPO. Då desse to elevane til vanleg hadde assistent, vart det med det ein mindre "utfordring" for oss.

Gunn Imsen har laga ein modell som eg synest var god. Modellen er ikkje eit endeleg svar på korleis skulen skal tilpasse seg kvar einskild elev sine forutsetningar, men står heller for ein måte å tenkje på når ein skal tilretteleggje undervisninga. Denne modellen står for elevsida ved tilpassa opplæring, og ikkje undervisningssida. Undervisningssida vert eit anna tema att. Modellen er inspirert av mellom anna kulturteori, Gardner, motivasjonsteori og kognitiv læringsteori, og kan setjast opp i åtte punkt:
  • Kulturell forankring
  • Kognitive evner
  • Fagleg kunnskapsnivå
  • Motivasjon og interesse
  • Fysiske forutsetnader
  • Sjølvinnsikt
  • Sosial utvikling
  • Kunstneriske evner
Modellen viser med det litt av alle dei aspekta som finst ved tilpassa opplæring. Dette er utfordrande, men samstundes trur eg det er viktig ikkje å setje seg for store mål som ikkje kan oppnås. Ein må finne ei realistisk løysing på problemet!

Dette seier også Gunn Imsen noko om: Ein må ikkje setje seg uoppnålege mål, men heller ikkje legge lista for lågt, og å definere TPO for snevert. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i elevane sin forkunnskap, eller berre i einskilde intelligenstrekk, når ein skal tilpassa opplæringa. Som modellen over tilseier, er det mange faktorar som bør ligge til grunn for ein måte å tenkje på i forhold til TPO. Utfordrande, men også veldig spanande!

onsdag 2. april 2008

26/3-28/3 Yrkesetisk seminar

Me har no hatt ein tverrfagleg yrkesetisk seminar i faga KRL og pedagogikk. Seminaret gjekk over tre dagar, der dei to første dagane gjekk med til å jobbe med fire gjevne casar, før me den siste dagen skulle presentere ein av casane for halve klassen. I tillegg til casane vart det gjeven ei oppgåve som gjekk ut på å lage seg minimum ti yrkesetiske bod for lærarar, og rangere dei i den rekkjefølga me syntest var den mest rette.

Det vart lagt opp til gruppearbeid, noko eg personleg synest er svært kjekt og givande. Ikkje minst når ein bytar på kven ein arbeider med. Det at me denne gongen blanda gruppene på tvers av klassane, gir større variasjon i gruppene som der igjen kan gje spanande utfall. For vår gruppe sin del, gjekk samarbeidet svært godt. Særskilt kjekt var dette, då me ikkje har jobba så mykje på tvers av klassane før. Nye impulsar og andre å forholde seg til, er berre sunt!

Det er greit å sjå løysingar på problem eller situasjonar når "svaret" så fint står skriven ned i ei bok. Noko anna er det å løyse eller å finne "svar" på eiga hand. Kva seier konsekvensetikken om dette? Eller pliktetikken? Kva bør Jørgen gjere i dette tilfellet? Det var utfordrande å setje klare skilje mellom dei to modellane, slik at læreboka vart flittig brukt. Der fann me mykje god kunnskap så me gjorde oss nytte av. Når det gjaldt konsekvensetikken, var det vanskeleg å kunne klare å sjå alle moglege konsekvensar, slik at det dukka stadig opp nye. Jørgen sine handlingar gav konsekvensar, ikkje både for han sjølv, men også forholdet hans til kollegaane, foreldra og Lars. Det å seie at pliktetikken ikkje ser på konsekvesane, var vanskeleg å halde, for me ville så gjerne ha med dei her og! Til slutt satt me likevel att med løysingar me syntest var gode.

Løysingane som kjem fram ved å sjå på slike casar, kan bli ulike då nokre kan hengje seg opp inoko, medan andre kan hengje seg opp i noko heilt anna. Men då me den siste dagen skulle leggje fram løysingane våre, kom det fram at alle gruppene nogenlunde hadde løyst casane likt. Det som stod fram som den mest ulike faktoren, var kva gruppene hadde sett på som, og korleis me hadde formulert, det etiske problemet. I samtalen rundt bordet vart det likevel gjevne uttrykk for at me alle stort sett var eininge.

Det å leggje fram løysingane sine i plenum, kombinert med innspel frå dei andre, synest eg var ein flott måte å organisere framføringane på. Dette letter stemninga, og ein får ein meir mjukare og mindre stressande situasjon. Praten går laust og ledig om emnet, men litt av prestasjonen, som ofte kan kome fram ved framføringar, forsvinn. I alle fall for min del.

Dette opplegget får mykje skryt. Eg likte denne forma for arbeid utruleg godt, og eg lærte så mykje meir enn eg trur eg hadde gjort ved å lese rein teori. Det å setje teorien konkret inn i aktuelle situasjonar, lærer ein mykje av. No veit eg betre det mangfaldet av ulike etiske problemstillingar eg kan møte på ute i arbeid, og eg føler at eg også står sterkare til eventuelt å bedømme/finne ei løysing på ein etisk situasjon. Eg sit att med mange gode erfaringar etter desse dagane, både organiseringsmessig og fagmessig. Eg vil avslutte ved å leggje med oppgåva gruppa mi la fram, nemleg "våre" ti yrkesetiske bod:

1. Vere glad i menneske
Grunngjeving: Ein må like å jobbe med menneske, og trivs med å ha folk rundt seg. Er ein ikkje det, har ein heller inga glød å overføre til andre.

2. Engasjement/glød for faget
Grunngjeving: Viss ikkje engasjementet og gløden for faget er til stades, har ein heller ingen ting å gje av seg sjølv. Om læraren er motivert for det han eller ho gjer, vil dette også påverke elevane sine interesser for faget.

3. Vere anstendig og skikka til yrket
Grunngjeving: I følgje forskrifta om skikkethetsvurdering i lærarutdanningane, skal einkvar student visa seg skikka til å tre ut i læraryrket. Viss ein student av ein eller annan grunn ikkje viser seg skikka, skal det bli tatt ein skikketshetsvurdering av den aktuelle studenten.
Å vere anstendig vil også seie å mellom anna vere kledd ordentleg, vere reinsleg, og oppføre seg ordentleg og passande i aktuelle situasjonar.

4. Taushetsplikt
Grunngjeving: Ein av dei mest grunnleggjande pliktene i læraryrket, og denne plikta er lovbestemt. Skapar eit tillitsforhold, blant anna mellom lærar og elev, og mellom lærar og foresatte. Opplysningar om personlege forhold skal ikkje bli brakt vidare av den yrkesutøvaren dei utleverer seg til.

5. Kunne skilje privatliv og jobbsamanheng, og med det vere profesjonell.
Grunngjeving: Ein skal vere ein god rollemodell, og med det vere var og klar over dei ulike rollene sine, mellom anna: Rettleiar, omsorgsperson, ven og lærar

6. Fagleg kompetent og trygg på undervisninga og faget
Grunngjeving: Det er viktig heile tida å fornye/oppdatere undervisninga, at ein kan kunnskapen som skal vidareførast, og at ein har evne til å variere undervisninga.

7. Sjå og følgje opp den einskilde elev
Grunngjeving: Oppfølging, elevsamtalar, tilpassa opplæring og diskresjon er sentrale stikkord som for seg sjølv og til saman seier mykje om kor viktig den einskilde elev er.

8. Vere godt forberedt til timane
Grunngjeving: Ha struktur i planlegginga, både når det gjeld tidsmessige og faglege grunnar.

9. Evne til å samarbeide og til å kommunisere
Grunngjeving: Både samarbeid med elevar, føresatte og kollegaer står sentralt i læraryrket, då ein ikkje kjem nokon veg utan. Kommunikasjon er også eit viktig reiskap.

10. Vise evne til samfunns- og kulturforståing
Grunngjeving: Evne til å forstå elevane sin kvardag og kunne ”hengje med” i dagens samfunn, både når det gjeld til dømes religionar og teknologi.

lørdag 22. mars 2008

Eit fint lite påskedikt

En påske

Av
Marit Irene Jensen, 05.01.2003


En påske er over
de gule skal hjem

Ned i en eske
går kylling og egg

På loftet de samles
blant nisser og skrot

Et år får de ligge
så pyntes vårt bord

På nytt er det påske
med pynt fra i fjor

En kylling, et egg
en kanin uten for

Gule gardiner og
blomster på bord

God Påske til alle
til far og til mor.

mandag 17. mars 2008

Refleksjonar etter 3. praksisperiode

Ja, då var endå tre veker på Skåredalen Skule i Haugesund forbi. Vekene har gått vanvittig fort, noko som kanskje er eit tydeleg teikn på at eg har hatt det kjekt...! Det var kjekt å møte klassen "vår" att, og det trur eg også dei syntest. Sorgen var i alle fall stor då dei fekk vite at det var den siste moglege dagen til å få boller eller sjokoladekake..

Denne perioden har me verkeleg fått prøve oss på ulike utfordringar knytt til lærarrolla, og mange av dei er knytt opp mot langsiktig planlegging. Det å skulle planleggje fleire timar dagleg, setje opp lekseplanar, vekeplanar og vekemål er nokre av dei oppgåvene me har fått prøvd oss på. Eg følte meg verkeleg som ein lærar der eg sat gravd ned i den eine boka etter den andre for å finne passande oppgåver og mål. Om det var kjekt? Gjett om det var!

Me har prøvd å gjere undervisningstimane varierte,både med tanke på arbeidsmåte og innhald. Det å eksperimentere med ulike måtar å undervise på, har vore ein nyttig erfaring. Åleine med tavleundervisning, åleine utan tavleundervisning, gruppesamarbeid, praktisk arbeid med fleire studentar til stades, påskeverkstad og så vidare.. det å sjå korleis dei ulike timane til slutt har blitt, har vore kjekt å sjå. Kva vart resultatet av timen? Kvifor vart det slik? Kunne undervisninga og læringsutbyttet blitt betre om eg hadde organisert arbeidsøkta på ein annan måte? Slike erfaringar er gode og interessante å ta med seg.

I denne praksisperioden har eg nytta meg godt av den interaktive tavla (Smart Board) i klasserommet. Dette vart ikkje gjort så mykje i haust, då eg nok hadde meir enn nok med å holde tunga beint i munnen. Eg kjenner med meg sjølv at eg er blitt mykje "varmare i trøya" etter desse tre vekene; kanskje grunna at desse vekene har vore meir intensive? Eg storkosar meg i alle fall når eg står der framme; ikkje minst når ein skjønar at ein har elevane med seg og at også dei finn fagstoffet og læraren interessant. Uansett, tilbake til Smart Board. Eg har brukt denne tavla som ein del av motivasjonsfaktoren i mange av timane, og som ein del av det å variere undervisinga. Tavla byr på mange funksjonar, men eg har brut ho mest til å vise bilete på storskjerm (Samfunnsfag: tema regnskogen, tema Sør-Amerika, KRL: tema dåp) og til å finne ulike testar, oppgåver og presentasjonar på veven (Norsk: sj-lyden, Samfunnsfag: Sør-Amerika). Dette fengjer elevane! Det er kjekt å halde på med data, og dette har me erfart er ein viktig motivasjonsfaktor for elevane "våre".

Når det gjeld motivasjonsfaktorar, byrja eg å sette dette meir i fokus lenger ute i praksisperioden. Eg skjøna raskt at ved å gi litt meir av meg sjølv, så har eg elevane med meg. Dette fekk eg mellom anna erfare då eg skulle undervise i elektrisitet med fokus på leidningar og koplingar. Eg tok med meg ein gammal hårfønar for å vise elevane korleis dette fungerte i praksis; at det var to leidningar inni ein osv. Dette var spanande! Det skulle ikkje meir til enn at eg forklarte korleis hårfønaren var blitt øydelagt grunna kortslutning, og at ein framleis kunne sjå brannmerket i skaftet. Elevane vart gira, og eg såg at dei følgde med, og at eg hadde dei i mi hule hand. Den indre motivasjonen viste seg hjå ein elev då han i slutten av timen kom bort og sa at han neste dag ville ta med ein elektrokoffert som han ville vise til oss og resten av klassen. Ei kjekk oppleving! Som eg allereie har sagt så mange gonger før: det å få prøve ut det ein lærer i teorien er kjempeinteressant. Kva er likt? Kvifor skjer det/ikkje det som eg har lest om? Kva fungerer her, og kva bør ein tenkje på i forhold til det?

Når det gjeld dei personlege måla mine for perioden, så gjekk dei ut på å jobbe meir med å vera ein tydeleg vaksen og prøve å "gi meir av meg sjølv"/utforske lærarrolla på både planleggingsstadiet og undervisningsstadiet. Desse måla tykkjer eg at eg har klart å nå; så langt som dei er målbare. I forhold til det eg på førehand hadde tenkt meg, tkkjer eg at eg har vakse litt på denne kanten. Eg har heile tida hatt i tankane å prøve å vere meir utforskande i forhold til førre praksisperiode. Eg har også prøvd å vere meir reflektert, både i forhold til planlegging og undervisiningsmetodar. Erfaringane har uansett vore mange.

Alt i alt har det vore ein lærerik praksisperiode, og er nøgd med mange av timane mine og den støtta og rettleiinga eg har fått av praksislærar.

torsdag 21. februar 2008

4/2-08 Sjølvbilete - sjølvoppfatning og identitet

Forelesinga denne mandagen tok føre seg diverse omgrep knytt til det psykologiske sjølvet, og korleis dette utviklar og endrar seg opp gjennom barne-, ungdoms- og vaksenåra. Ærleg sagt synest eg dette er ein litt vanskeleg teori som må "tyggjast" fleire gonger. Det er nok mykje grunna at eg så gjerne vil plassere dei ulike omgrepa konkret, men som er så vanskeleg, då det er omgrep som set ord på ulike psykologiske/kognitive abstrakte prosessar.

No har eg i alle fall sete meg ned og lest teorien bak forelesinga i boka til Gunn Imsen, og eg må seie at eg vart
litt lettare i hovudet mitt etterpå.

Uansett; stoffet er vanskeleg, men eg ser samstundes nytteverdien. Boka til Imsen tek nettopp føre seg pedagogisk psykologi. Norsk Forening for Pedagogisk Psykologi seier dette om emnet:
Pedagogisk psykologi kan forstås som studiet av menneskets læring og utvikling i oppdragelse og undervisningssituasjoner. Profesjonsområdet pedagogisk psykologi har som oppgave å undersøke, beskrive, gi råd og yte tiltak som fremmer læring og utvikling hos barn, ungdom og voksne i oppdragelse og undervisningssituasjoner.

....
. For at me som lærarar skal kunna yte vårt beste for eleven, må me også kunna noko om det som skjer inni sjølvet til eleven; kva tankar gjer kan eller ho seg om dette? Korleis kan uønska situasjonar oppstå når dei eigentleg kunne vorte avverga? Kvifor reagerer eleven slik når eg berre ville han eller ho det positive? Forventningar frå eleven si eiga side og forventningar frå utsida, korleis forventningar frå andre kan føre til mangel på motivasjon (alle har vel ein gong opplevd kor vanskeleg det kan vere å prestere når ein har mange signifikante andre som forventar så alt for mykje av deg), det kompliserte fenomenologiske sjølvet som inneber så mykje meir enn det fysiologiske, og sjølvvurdering frå eleven sjølv og frå andre som igjen fører til ei positiv eller negativ sjølvoppfatning, er setningar som alle fortel om viktige ting som er nødvendige å ha i bakhovudet for pedagogiske leiarar. Spørsmål om kvifor ting oppstår og korleis ein kan gjere noko med ein gitt situasjon, er for oss viktige, og dei kan ikkje minst få svara sine besvart med ein slik kunnskap som omhandlar nettopp slike kognitve prosessar og teoriar.

Korleis utviklar personlegdommen seg? Dette synest eg er interessant; om korleis Erikson deler inn menneske i åtte ulike aldrar, som kvar har eit eige personlegdomsaspekt. Korleis eit individ kjem seg over den eine "kneika" etter den andre, som anten kan slå ut den positive eller den negative vegen. Dette er kun ein
teori om korleis personlegdommen utviklar seg, men likevel synest eg at den traff godt. Det er nok ikkje utan vidare at denne teorien står såpass sentralt som det den gjer i dag.

Det å finne sin eigen identitet, er for mange vanskeleg, og narsissisme er noko av det som kan oppstå om eit individ er på stadig jakt etter å finne seg sjølv. Identitet er noko ein byggjer seg opp over lang tid - ein skal tross alt bestemme kven ein vil vere resten av livet.

Utviklinga til born, både på det fysiologiske, sosiale og psykologiske/kognitive planet er viktig kunnskap som alle bør vite noko om. Kva nivå
burde eleven ha nådd nå? Korleis bør eg legge til rette undervisninga for å dekke at eleven blir stimulert til å nå hans eller hennar neste nivå? Eleven si sjølvoppfatning, og med det han eller hennar motivasjon for læring bør absolutt framhevast og stå i sentrum!

Siste revidering:
Gunn Imsen nemner at sjølvoppfatning og sjølvbilete som oftast er knytt til eigen kompetanse. Sjøvbiletet vert med det trua på å meistre i ulike samanhengar. Når det då gjeld elevar som ikkje har eit positivt sjølvbilete av seg sjølv, trengs det å gjerast noko. Maslow set det å ha eit positiv sjølvbilete og ei positiv sjølvvurdering av seg sjølv, som eit av dei grunnleggjande behova i behovshierarkiet. Me som lærarar må vere ein av dei første partane som må prøve å gjere noko med dette. Den eleven som ikkje har eit postivit sjølvbilete av seg sjølv, vil heller ikkje oppleve den same gode meistingskjensla som dei elevane som innehar eit positivt sjølvbilete. Alle individ vurderer seg sjølv innanfrå, men me vert også vurdert utanfrå. Me seier at me har både ei indre og ei ytre vurdering av oss sjølve. For å auke sjølvbilete, treng ein først og fremst å gå inn i seg sjølv, slik som du oppfattar deg sjølv. Den indre motiveringa må tre fram. Eg trur det er svært viktig at ein då får oppgåver og utfordringar til, og at ein med det får oppleve meistring. Den gode meistringskjensla fører då med seg motivasjon for å fortsetje, og meistringskjensla kan få tre fram. Meistring kan med det føre med seg eit positivt sjølvbilete og ei postiv sjølvoppfatning. Men det er viktig at me som lærarar er observante og klarar å sjå om ein elev slit med dårleg sjølvbilete. Det kan godt hende at det i tilfelle er svært vanskeleg å gjere noko med ein person sitt sjølvbilete. Uansett må me prøve, og det er så viktig å tilretteleggje arbeidsoppgåver o.l. for den eleven det gjeld.

Dette er også sagt av Gunn Imsen, som snakkar om ein sirkelprosess, og då meiner ho den kausale sirkulariteten: gode prestasjonar skapar positiv sjølvoppfatning, som i neste omgang gjer sitt til å utføre endå betre prestasjonar.

Med tanke på den den ytre vurderinga, må me som lærarar og vaksenleiarar, vere flinke til å gje den eleven som slit med eit negativt sjølvbilete, ros og oppmuntring i skulekvardagen. Me veit at den ytre vurderinga kan ha vel så mykje å seie som den indre vurderinga ein person gjer av seg sjølv.

I forhold til attribusjonsteorien finst det klare tendensar til ein elev som har dårleg sjølvbilete. Han eller ho vil også vere flink til å finne unnskyldningsårsaker eller bortforklaringar til at han eller ho har gjort det bra. Flaks eller for lette oppgåver kan vere passelege unnskyldningar. Om eleven derimot har gjort det dårleg, vil han eller ho med ein gong skylde på dårlege eller manglande evner. Motsett er det med elevar som har eit velutvikla positivt sjølvbilete.

Det er dette attribusjonsteorien handlar om; å finne årsaksforklaringar til ting som hender oss. Å finne "syndebukkar" kan vere eit passande omgrep i denne samanhengen. Kasalitet (gjetning) er også framtredande. Forventningar me har på førehand, før me tar til med ei oppgåve, er med på å påverke tolkinga av resultatet. I neste omgang vil fortolkingane av ei hending vere med på å forme dei nye forventningane om det som ligg lenger framme. Om eleven med dårleg sjøvbilete ikkje har fått ei oppgåve til, vil dei negative fortolkingane til denne hendinga vere med på å forme dei nye forventningane i framtida. Dette kan også vere eit mogleg utfall.

Elevar med dårleg sjøvbilete må me ta tak i,
så godt som det lar seg gjere.

mandag 11. februar 2008

11/02-08 Ynskjeøkt

Dagen i dag var sett av til ei såkalla ynskjeøkt frå klassen si side. Temaet for timane var spesialundervisning, eit område ein garantert vil kome bort i som lærar, anten ein har teke utdanning innanfor dette fagområdet eller ikkje. Det er viktig område å kjenna til, og ikkje minst eit område som stadig aukar i omfang. Då særleg omsorgssvikt som gjeld det som har med det kjenslemessige å gjere, til dømes mobbing, omsorgssvikt, vanskelegheiter i heimen og liknande. Når dette er sagt burde det kanskje vore lagt opp til meir spesialpedagogikk i lærarutdanninga? Kva med å sette dette inn som eit obligatorisk fag, når vi på førehand veit kor viktig denne kunnskapen er...?

Det som eg synest er godt å tenkje på, er at me som lærarar ikkje står åleine i slike saker som omhandlar det spesialpedagogiske feltet. Ein har heller ikkje lov til å gjere det ein synest verkar som nødvendige inngrep på eiga hand. Det er fagkyndige som er spesialiserte på det aktuelle problemområdet, og desse skal vere med på å kartleggje eleven sitt behov. Læraren er berre ein av mange som har interesser for at den aktuelle eleven skal få eit best mogleg støtteapparat rundt seg og ikkje minst få den best mogleg tilrettelagde undervisninga. PPT er mellom anna ein av øktørane i dette støtteapparatet.

Det kan nok forekomme at personar med ei eller annan form for funksjonssvikt kan kjenne seg dårlegare enn andre, og dermed få lågare sjølvtillit, sjølvbilete, motivasjonsproblemer og liknande. Det er godt å vite at ein kan finne "trøst" i likesinna, mellom anna gjennom nettsider som særskilt er laga for dei med den aktuelle funksjonssvikten. Særskild kjekt er det å sjå at personar med funksjonssvikt har oppretta nettsider for å koma i kontakt med andre likesinna. Sida eg refererer til heiter www.dyskalkuli.net, og er oppretta av ei dame som har hatt dyskalkuli i mange år. Sjølv visste eg ikkje om denne diagnosen frå før. Dette er på lik line med andre diagnosar viktig å vite om, ikkje minst om ein skal gjere det beste og leggje tilrette for ein elev med denne diagnosen på best mogleg måte. Å vere lærar og fortrengje og å nekte for at ein elev kan ha denne diagnosen, tar seg ikkje ut. Berre grunna for liten kunnskap...

Eg har også vore inne å kikka på Statleg Pedagogisk støttesystem (Statped) sine sider, der eg fann ut av dette er eit organ som består av 13 statleg eide kompetansesentre og fem spesialpedagogiske einingar som skuleeigarar kan kjøpast tenester av (kommune, fylkeskommune). Fagområda som Statped arbeider med er til dømes syn, hørsel, tale og atferd. Hovudoppgåva til organet, slik som er har forstått det, er å leggje til rette for barn, unge og vaksne som treng særskilte opplæringsbehov, si opplæring/undervisning på ein best mogleg måte. Under Statped er det også tilknytta ulike organ, til dømes Huseby Kompetansesenter, som mellom anna kan tilby kurs, opplæring og læremidler til personar med små eller større synshemmingar, og nettverket rundt dei. Bretverdt Kompetansesenter er også eit organ som er tilknytta Statped, som på side att kan tilby ulike læremidlar i IKT for personar som treng ekstra oppfølging ved hjelp av dette. Flott at det finst store organ som kan vare på alle desse interessene.

Men oppi alt dette må me ikkje gløyme dei flinke elevane i skulen! Dei flinke elevane må ikkje tråkkast på og få mindre merksemd grunna deira gode dugleikar og kunnskap. Det er viktig å gi ros og å vise merksemd mot dei elevane som også faktisk gjer det godt på skulen. Desse kan lett kome i skyggen når det andre utfordringar som må taklast i klassen.

Eg drog god nytte av denne økta, både på eit generelt grunnlag og ikkje minst som nødvendig kunnskap å ha med seg inn i skulekvardagen. Det er kjekt å kunna kjenna til litt grunleggjande teori på dette området; symptomer, kva ein lærar bør vere merksemd på, kva konsekvensar det får for undervisninga, tilrettelegging og liknande.

Me er der for elevane si skyld! Då må me også gjere det som står i vår makt for å hjelpe dei som treng hjelp.

Som Søren Kierkegaard så fint seier:
Det hjelper ikkje med allverdas kunnskap om ein ikkje kan hjelpe eleven på det nivået han eller ho er, og forstå det som eleven forstår.

fredag 1. februar 2008

01/02-08 Refleksjon over temaet "born og nye medier"

Me har no over ein periode på fire veker hatt "born og nye medier"
som tema for undervisninga i pedagogikkfaget. Eg har samla sett fått mange gode og ikkje minst nye erfaringar og opplevingar ved å jobbe med dette. Det å samle mange ulike faktorar som handlar om det same temaet, synest eg har vore ein god idé. Born og nye medier er eit viktig tema, som alle bør ha ein viss innsikt i; både for vår eigen og born si skyld. I løpet av desse vekene har me jobba med ulike underkategoriar av dette temaet som mellom anna har omhandla:

  • Å produsere ein digital samansett tekst
  • Innføring i sikker nettbruk (nettvett)
  • Analyse av ein norskfagleg nettstad
  • Analyse av barnebøker (fagbok og biletbok)
  • Opplæring i bruk av ulike digitale verkty
  • Vore ute i to punktpraksisar
Eg har fått særskild utbytte frå den økta då me fekk ei innføring i ulike digitale verkty. Eg har aldri verken prøvd Windows Movie Maker, Adobe Photo Shop eller Pivot før, men i dag sit eg att med ein langt større kunnskap enn det eg hadde på førehand. Eg skjønar at det ikkje kan setjast av så lang tid på skulen til å prøve ut desse verktya, slik at me ¨må gjere mesteparten av innlæringa sjølve. Dette synest eg likevel er greit. Eg likar for min eigen del å "putle" på med slike ting, og finne ut av saker og ting på eiga, om eg har tid:) Det er vel her "cluet" ligg for dei aller fleste. Eg synest det er svært positivt at me får vite om ulike program/verkty, og at me får moglegheita til å finne fram til dei og laste dei ned. Me som skal bli lærarar må følgje med i tida og utviklinga som skjer, og det er godt at skulen gjev oss ei innføring i dette. Det å lage animasjonar og plakat, har vore lærerikt og spanande. Det å planlegge og produsere ein eigen digital tekst har vore vanvittig kjekt! Likevel som alt anna innanfor data; tidkrevjande, i alle fall for oss som ikkje har vore borti dette før. Det å få prøve seg ut har mykje å seie for læringa (learning by doing). Og sjølv om resultatet ikkje vart proffesjonelt, så lærar ein så lenge ein lever. Eg gler meg til å få prøve ut slike ting med ein klasse! Mykje positive tilbakemeldingar på denne delen!


Den delen som omhandla sikker nettbruk, har også vore kjempelærerik! Ein har alltid litt bakkunnskap om chatting, personalia ute på veven og liknande, men ein kan likevel aldri bli overraska nok over resultat, prognosar og undersøkingar som går på vanane til unge i dag. Kjempeflott å få ei god innføring innan dette området, og ikkje minst ei god påminning om kva som nok ein gong høyrer innanfor læraren sine oppgåver. Ord som plagiering og Åndsverkslova er også stikkord som eg set pris på å ha kjennskap til. Å få analysere ein nettstad var noko av arbeidet me fekk lov å jobbe med i frohold til dette emnet. Kva sider bør ein ikkje la ungane/elevane få tilgong til, og kva for sider er sikre og lærerike? Heilt supert å få lov til å vurdere ulike nettsider sjølve, og å få lære kva ein bør sjå etter når ein skal velje slike nettstadar for born.

No har eg snakka litt om dei positive erfaringane eg har tileigna meg gjennom desse vekene. Det eg er mindre nøgd med, er den første punktprakisen på Skåredalen Skole. Grunna dårleg kommunikasjon mellom Skåredalen og høgskulen, var ikkje utfallet slikt det eigentleg var planlagd. Det vart mykje rot og usikkerthet både blant studentane og praksislærarane. Ein annan ting i forhold til dette, er spørsmålet om det i det heile var nødvendig å bruke ein heil dag til dette utanom praksis? Kvifor ikkje leggje denne dagen til den komande praksisperioden, og ta "to fluer i en smekk"? Om eg snakkar for meg og mi praksisgruppe, fekk ikkje me noko ut av dette, mykje grunna at me hadde jobba ein del med data i den første praksisperioden. Det vart ikkje vist oss noko meir enn det me allereie hadde sitt frå før, så for oss var denne dagen bortkasta. Men men.


Seinare revidering:
Den andre punktpraksisen var eg med og planla, men grunna sjukdom, så kunne eg ikkje vere til stades den dagen me skulle gjennomføre opplegget. Praksisgruppa fann fort ut at me hadde lyst til å lage eit variert arbeidshefte i IKT, som skulle brukast i dei tre timane me hadde til disposisjon. Då klassen vår holdt på med Svartedauen som tema, fann me ut av me kunne kople nokre av oppgåvene i IKT opp mot dette. Ressurssidene me ville bruke var følgjande: Saft, Kvasir, Google, Redd Barna, Du bestemmer, Gule sider og Wikipedia. Me delte oppgåveheftet opp i tre delar:

Del 1:
Inneheld oppgåver knytt til samfunnsfag og emnet svartedauen. Bruk internett og ressurssida til å svare på spørsmåla.
Oppg. 1) Kva tid kom svartedauen, i følgje Wikipedia, og nokre norske historikarar til Noreg for første gong?
Oppg. 2) Kan ein vera heilt sikker på at dette stemmer?
Oppg. 3) I følgje samfunnsfagboka di; kva tid kom pesten til Noreg?
Oppg. 4) Kven var, i følgje segnet, Jostedalsrypa?
Oppg. 5) Kor mange omkom ca av pesten i Noreg? Kan ein finne fleire tal på ulike sider?

Del 2:
Inneheld oppgåver knytt til nettvett og fornuftig bruk av internett.
Oppg. 1) Gå inn på Redd barna, og finn nettvettsreglane. Har du eigne forslag til reglar?
Oppg. 2) Gå inn på SAFT, og ta quizen, www.saftonlie.no/static/edu/eduno/saft-quiz_nor.htm
Oppg. 3) Kva er SAFT ein forkorting for, og kva arbeider dei med?
Oppg. 4) Lag og skriv ut ein plakat på ei A4 side i Open Offica, med nettvettsreglane. Ta med eigne forslag til reglar.
Oppg. 5) Sjekk ut www.nettreisen.no, og videre til ”Test Reise” - løys oppgåva der.

Del 3:
Inneheld oppgåver knytt til det å finne informasjon på nettet.
Oppg. 1) Finn åpningstidene, telefonnummer og adresse til Karmsund folkemuseum
Oppg. 2) Kva tid vart Wikipedia starta, og kven er det som skriv artiklane
Oppg. 3) Søk på namnet ditt på Google.com, og finn ut kor mange treff du får
Oppg. 4) Gå inn på Gule sider, og søk på namnet ditt for å sjå om du er registrert
Oppg. 5) Klarar du å finne skuleruta for Skåredalen skole, og kva tid haustferien for skuleåret 2008/2009 er?

Me vart godt nøgde med dette abeidshetfet, og som eg har høyrt frå dei andre på praksisgruppa, så var dette noko som fall i smak hjå dei aller fleste elevane. Det som me kunne ha endra på til neste gong, var nok all informasjonen som skulle lesast. Nokre elevar synest det vart veldig mykje å lesa, og praksislærar var visst einig. Men det er slik me lærer av! Det viktigaste er at elevane lærte noko av å jobbe med dette heftet; det hadde visst overraska mange at det ein fann på internett, ikkje alltid var den fulle og heile sanninga. Alt i alt så trur eg denne punktpraksisen gjekk bra. I forhold til den første punktpraksisen, så ser eg og tykkjer eg at denne var mykje meir relevant og lærerik for oss som studentar. Eg, for min eigen del, fekk mykje meir utbyte av (planlegginga av) denne, enn den førre.



No har eg kome med mykje ros og litt ris. Uansett har desse vekene vore utruleg lærerike, det kan eg ikkje seie for mange gonger. Det er eit opplegg skulen absolutt kan byggje vidare på! Sjå elles dei einskilde innlegga..