mandag 3. desember 2007

27/9-07 Eit seint innlegg om kommunikasjon...

”Godt samarbeid krev god kommunikasjon” heitte førelesinga me hadde måndag 27. september. Eg trur at omgrepet kommunikasjon og den meininga som ligg i det, er noko eg til dagleg ikkje tenkjer så nøye over. Skal eg kommunisere med andre, snakkar eg til/med dei. That’s it. Eg har liksom aldri skikkeleg tenkt over korleis eg til dømes bør uttale meg for at andre skal forstå meg rett. Denne førelesninga fall difor godt i smak hjå meg. Kommunikasjon er eit viktig emne som eg absolutt gler meg til å arbeide meir med!

Eg synest førelesninga var svært lærerik, og eg fekk friska opp det eg kunne eg eventuelt det eg hadde gløymd ut. Det eg syntest var særskild spanande var det som mange andre medstudentar har reflektert litt rundt på bloggane sine: Det er faktisk berre 30% av kommunikasjonen som kjem gjennom verbalspråket, medan dei resterande 70% er det kroppsspråket som sørgjer for. Det er litt skummelt å tenkje over! Men eg vart likevel ikkje så altfor forbausa, då vi veit at kroppsspråket faktisk er svært viktig for korleis andre forstår oss, eller korleis dei oppfattar oss. La meg kome med eit eksempel:
Viss ein snakkar med ein person og prøver å føre ein dialog, kan ein til dømes med ein gong sjå om vedkomande interesserer seg for det du prøver å fortelje han. Ser han vekk med augo? Ser han ein anna plass? Har han augo plassert på plassar han trur du ikkje kan leggje merke til? Kroppsspråket seier utruleg mykje. Det er også viktig å tenkje på når ein er kring born. Born har gode ”antenner”, og oppfattar svært mykje, ja mykje meir enn vi kanskje trur. Om ein ”himlar” med augo på grunn av noko som er blitt sagt av ein elev, kan eleven oppfatte dette og ta det svært nært til seg.
Det kan også vere enkelt å sjå om ein person er nervøs; personen klarar ikkje å stå i ro, snakkar høgt, ler mykje, sveittar på hendene, klør seg, klikkar på kulepennen og liknande. Det å vere observant og bevisst på måten ein kommuniserer på, er viktig i alle situasjonar, og for meg særskild når eg skal ut i læraryrket.

Miming er også ein del av kroppsspråket, og på slutten av desse pedagogikktimane fekk me verkeleg prøvd oss på å tolke miminga. Me vart delt inn i grupper og skulle gisse kva dei andre gruppene skulle førestille. Dette var ei kjekk økt, men det var til tider vanskeleg å ikkje kunne få utrykkje seg med ord når løysinga var så nær!

Etter mime-økta var det tid for film, og filmen KROPPEN gav oss gode refleksjonar rundt omgrepet kroppsbruk. Her vart til dømes plystring og latter tekne opp som ein del av kroppsspråket. Eg har heller ikkje tenkt på at menneske har eit slags territorium rundt seg, og at det er difor eg set meg på neste benk i staden for å setje meg på den same benken som den dama set på. Eg bøyer også hovudet mitt eller ser ein annan veg for å unngå augekontakt med den framande mannen som kjem der borte. Kroppsspråket vårt som ein del av kommunikasjonen med andre, er spanande! J

Det å arbeide som lærar er eit viktig yrke, og på lik line med andre yrke stiller det seg også ulike krav til læraryrket. Krava er mange, og nokre av dei er at ein skal kunne vere ein god samarbeidspartnar og kollega. For å kunne oppfylle desse krava krevs kommunikasjon mellom partane, og det rette blir å kalle det for god kommunikasjon. God kommunikasjon vil seie at det er samspel mellom den bodskapen som blir sendt og den bodskapen som blir motteken, og det er ofte her det kan skjere seg, og oppstå problem. Det å ha ein god tone mellom partar og å kunne ha ein god kommunikasjon, er svært viktig i alle samanhengar, ikkje berre i læraryrket. Ein lærar har mange å forholda seg til; elevar, foreldre, kollegaer, rektor, vaktmeister, reinhaldsmedarbeidarar og liknande. Då er det viktig at kommunikasjonen vert tolka rett. Vert han ikkje det, vert bodskapen tolka feil, og vi får det vi kallar ein kommunikasjonsbrist. Bodskapen når då ikkje fram, og det er noko vi ikkje ynskjer.


Det vart ikkje sagt så mykje om gruppedynamikk på førelesninga, men eg las ein artikkel av Kjetil Sander på eiga hand. Artikkelen heitte Gruppedynamikk, og var ein enkel og grei, og godt forståeleg artikkel som tok opp faktorar som er viktige for at ei gruppe skal fungere i lag. Faktorar som kva rolle kvar einskild i gruppa har, og kva for uformelle normer, eller køyrereglar, som regjerer i gruppa, er svært viktige for å unngå kaos og ueffektivitet og heller gjere samarbeidet så effektivt og problemfritt som råd.

Alt i alt ei spanande økt!