mandag 28. januar 2008

28/01-08 Motivasjon

Som overskrifta allereie har avslørt, jobba me i dag med temaet motivasjon. Me fekk moglegheita til å velje arbeidsformene i dag, og klassen vart difor einige om at me ville jobbe med førelesinga på eiga hand, og jobbe med samarbeidslæringsoppgåva på skulen.

Teoriar om motivasjon er noko som var delvis kjent for meg, då me jobba med dette i fjor då eg gjekk på kroppsøving. Eg synest sitatet av Voltaire seier utruleg mykje: Ein skal ikkje slukke ein brann, men tenne ein ild. Ja, motivasjonen må tennast hjå eleven om han eller ho skal få noko ut av læringsprosessen. Det er stor forskjell på indre og yrte motivasjon, og i skulesamanheng er det ofte kanskje den ytre motivasjonen som er enklast å dekkje. Karakterar, gode tilbakemeldingar og liknande er "belønninga" eleven får om han gjer det godt. Her trer den behavioristiske læringsteorien inn, og eg skjønar nok ein gong at denne teorien står sterkt i skulen. Det som er ved den ytre motivasjonen, er følgande: Kva med prossesen fram til dei gode karakterane? Kva sit eleven att med? Då er ein inne på fenomenet instrumentalisme i skulen (instrumentalisme: ”i pedagogikk blir dette ofte videreført når man omtaler læringssituasjoner der middelet til slutt blir et mål og der refleksjonen over egne handlinger opphører.” (Bø og Helle 2005:111)). Det vil seie at motivasjonen blir styrt mot belønning i skulen, og ikkje mot aktiviteten eller innholdet i seg seg sjølv. Dette er kan ikkje få positive verknader over lang tid, kan det vel??

Det finst ulike måtar å forstå motivasjon på, og ein av dei har eg allerie nemnt; den behovioristiske måten. Ein kan også dele dei andre måtane inn i kognitive og humanistiske perspektiv. Innanfor den humanistiske tradisjonen finn vi at det er behova som er motivet for motivasjonen. Då står Maslows behovshierarki fram som ein viktig teori. Grunnen til at eg tar opp denne er fordi den interesserer meg. Det er ein spanande teori som dei aller fleste kan kjenne seg att i. Det at me får dekka ulike behov i ein slags rekkjefølgje, der dei grunnleggjande mangelbehova (som mat på bordet, kjærleik og sosial tilknytning) må vere dekkjast før ein kan dekkje vekstbehova (anerkjennelse og sjølvrealisering), er fascinerande å tenkje over. Eg trur at det i skulesamanheng er viktig å ha slike motivasjoneteoriar i bakhovudet om ein vil kome nærare innpå elevane. Er det slik at det nødvendigvis er "giddelaushet" som gjer at elev ikkje vil setje i gong med arbidet, eller er det grunna at visse behov ikkje er dekka, som til dømes behovet for trykkleik og sikkerthet? Ein ting er sikkert; dette er ikkje berre enkelt, og for kvar time i pedagogikkfaget sit eg att med nye erfaringar og tankar om kor avansert læraryrket eigentleg er, og kor mange oppgåver det inneber. Det er mykje me som lærarar skal sjå etter; me skal ikkje berre undervise elevane, men også vere omsorgspersonar for dei og sjå etter om alt er slik det skal vere ("Læraren sitt mandat og mange oppgåver...)

Me kan vel alle seie at me ein eller fleire gonger har opplevd ikkje å ha motivasjon til å utføre eller gjennomføre ei arbeidsoppåve. Då motivasjon er så viktig faktor for å ha driv og vilje til å lære, er dette noko eg i skulen vil jobbe mykje med for å dekkje!

Oppgåva me jobba med på skulen, var kjekk. Me vart delte inn i grupper på tvers av klassane, og skulle prøve ut ein ny arbeidsmetode som vert kalla samarbeidslæring. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk i byrjinga, men etter kvart som me hadde lest det kvar einskild skulle lese, og byrja å repetere, gjekk det opp for meg at eg faktisk hadde lært noko. Eg har aldri vore ein tilhengjar av "skumlesing"; eg må alltid lese alt så nøye! Men eg erfarte faktisk at eg hadde fått med meg mykje av det viktigaste, og det er jo det som er målet med metoden. Det at me skulle laga spørsmål til dei andre gruppene, var også svært lærerikt, for på denne måten vart også dette repetisjon. Alt i alt ein god arbeidsmetode som gav positiv erfaring. Kjekt å variere på undervisningsmetodane.

Seinare revidering:

Etter å ha jobba med motivasjonsoppgåva med Mons, har eg noko meir som eg vil tilføye. Ein lærer stadig! Då me jobba med oppgåva, fekk eg eit heilt anna syn på det å motivere andre, og hjelpe umotiverte elevar til å ville ta fatt på ei oppgåve. Etter kvart følte eg at eg fekk eit ansvar for å hjelpe Mons, og eg følte eg fekk eit kjennskap til denne gutten! Ganske stilig eigentleg. Men også positivt, for med tanke på resultatet av oppgåva, følte eg (og resten av gruppa) at me hadde kartlagt det som kunne vere problemene hans, og ikkje minst funne tiltak som kunne passe denne guten.

Prestasjonsmotivasjon (frykt for ikkje å meistre den gjevne oppgåva), mangel på det å sjå verdien av ei oppgåve, mangel på tryggleik og oppleve situasjonar der valsituasjonar oppstår, er faktorar som kan forklare kvifor Mons oppfører seg slik som han gjer. Det finst mange moglege årsaker til slik oppførsel, og det er viktig at me som lærarar så fort som mogleg, får kartlagt og observert korleis og i kva for situasjonar slik oppførsel kan oppstå. Deretter kjem det neste steget, som blir å finne ulike tiltak som kan motivere Mons til å gjere det han blir sett til. Døme på tiltak kan vere at Mons får oppgåver som han kan meistre og som kan tirre interessa hans. Andre praktiske tiltak kan vere organiseringsmessig/organitorisk. I "lausrivne" og "avslappa" situasjonar, som til dømes ein utedag, kan lett føre til at Mons glir ut. Mons må få klare retningslinjer, og ein strukturert arbeids-/handlingsplan.

Ein elev som har prestasjonsangst/ som er a-motivert, har angst eller frykt for å ta til på ei gjeven oppgåve. Eleven treng å få oppleve meistring, og den gode meistringskjensla som kjem med. For å få til det, treng ein også då å få oppgåver som er tilpassa det nivået han eller ho befinn seg på. Det skal vere utfordrande, men på eit passande nivå. Oppgåver skal ikkje ta motet frå ein, men tirre nyfikenen og verke interessant! Det er også viktig at ein klarar å sjå verdien i det ein jobbar med. Sjølvbiletet og sjølvoppfatninga til ein kan bli betrakteleg betre om ein opplever å faktisk klare ei oppgåve. Gode prestasjonar skapar positiv sjølvoppfatning, som i neste omgang gjer sitt til endå betre prestasjonar (Imsen 2005).

Denne oppgåva gav meg mykje. Som sagt følte eg at eg hadde eit ansvar for å ordne tilveret til Mons på skulen, og dette ser eg på som positivt! Det var kjekt å få ein konkret case, for ved å jobbe slik, vert ein også nærare knytt til lærestoffet, og kunnskapen blir sitjande betre. I alle fall gjeld det meg.

torsdag 10. januar 2008

10/1-08 Refleksjon

Animasjon, film, lyd, digitale forteljingar, samansette tekstar... timane i dag tok føre seg ulike program, og dagen gjekk med til å laste ned og teste ut programma, noko eg syntest var svært lærerikt. Grunnane til at me brukte ein dag på dette arbeidet, var ulike. For det første skal me lage ei digital forteljing/samansett tekst i samband med norskfaget, og for det andre kan dette vere greie og spanande program å bruke i undervisningssamanheng. Byrjinga av dagen starta med eit sukk frå mi side, då eg ikkje skjøna noko av det som skulle vere ein opplæringsfilm for Microsoft Movie Maker. Det gjekk altfor fort, og det var vanskeleg å skjøne noko av det som vart fortalt. Men men. Anten kan eg sjå filmen om att, elles kan eg nytte eit anna liknande verkty som heiter Microsoft Photo Story 3.. Uansett: Å setje seg inn i nye program tek alltid litt tid:)

Ei anna side som eg vart betatt av, var den sida som heite Cartoonist. Her kunne ein sleppe fantasien laust, og lage seg teikneseriar med ulike bakgrunnar, snakkebobler, figurar, ja, det som trongst for å lage ein teikneserie. Det eg sakna, var knappen for å "lagre" arbeidet, den fantest ikkje. Det syntest eg var litt dumt, i tilfelle ein ville ha lagra teikneserien til ein annan gong. Det er jo ikkje alle som har tid eller ro på seg til å sitje heilt til dei er nøgd med resultatet.

Pivot vart også ein suksess! Eg har ikkje laga så mange animasjonar før, og dette var eit kjempelett program! Det var også eit stort pluss at ein kunne laga seg eigne bakgrunnar i Paint, for så å laste desse opp i Pivot. Kjekk underhaldning, men som også kan kome til nytte i andre typar arbeid og oppgåver.

Då ein veit at IKT berre blir viktigare og viktigare i skulesamanheng, er det kjekt å få innblikk i noko av det som finst i den store dataverda. Som lærar kan ein kan aldri bli metta på kunnskap, den må heile tida oppdatere seg!

Elles har eg vore inne å sett på dei lenkjene der ein kan finne bilete som er gitt lov å bruke i offentlege samanhengar. Ei av dei sidene eg likte beste var den som heite yotophoto. Søka mine gav mange treff, og mange av bileta var gode å bruke. Elles har eg også kjennskap til ei anna side, stock.xchng.com. Dette er også ei fin side som gir mange treff. Kjempeflott at me får vite om slike sider!

Det var kjekt å få sjå arbeid som andre hadde gjort når det gjeld dei digitale forteljingane. Då fekk eg eit visst innblikk i korleis dette kan gjerast, og kva for verkemiddel som kan nyttast for å få den rette effekten av forteljinga. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med dei samansette tekstane, dette kan bli spanande!

mandag 7. januar 2008

7/1-08 Refleksjon over dei første timane

Då var me byrja på han att, og dagen i dag vart ein god start på den nye halvåret som ligg føre oss. Temaet me skal jobbe med i nokre veker nå, heiter born og nye medier. For meg er dette eit svært interessant tema, og ikkje minst eit svært aktuelt tema i den tida me lever i no. Eg vart derimot overraska over dei ulike statistikkane som vart vist oss; eg hadde ikkje trudd at tala var slik som dei framstod. Chatting, mobilbruk og biletebruk døme på såkalla nye underholdingstilbod som er viktige for barn og unge i dag, og det er svært mange ungdommar som lagar sine eigne profilar på nettet for å bli kjende med nye folk. Det er nok mange born som ikkje veit kva dei gjer når dei lastar opp sin eigen profil på internett, eller som er aktive i eit chatterom. Dette fekk me derimot prova då me ei jente i paralellklassen hadde kalla seg for "j14" i SolChat. Etter berre eit par minutt var det ikkje mindre enn ti femten henvendingar på skjermen, utan at "j14" hadde teke kontakt sjølv. Dette prøvde eg sjølv ut, og kalla meg "j16". Heilt utruleg! Eg logga meg inn i eit vanleg chatterom, og fekk både meldingar frå "guttepusen" som spurde om eg ville kose, og andre sexfikserte spørsmål. "Trøndergutten" spurte om eg ville treffe han i helga, sidan eg heilt sikkert ikkje var på skulen då. Dette er skremmande tendensar, og difor er det viktig ikkje å tru at alt er så uskyldig som det i byrjinga kan verke som. Destod meir viktig er det for oss vaksne å ta tak i desse emna, og lære born korleis dei på best mogleg måte kan bruke internett sine ressursar. Det å finne trygge nettsider og gå i saman med born, både på heimefronten og i skulesamanheng, å lære dei såkalla nettvettreglar, er ei oppgåva som eg meiner me som vaksne ta ansvar for. Det å legge ut personalia om seg sjølv kan vere ganske skummelt, og som me har høyrd gong på gong kan det som verst føre til mobbing, valdtekt og sextrakkasering.

Eg fekk mykje ut av desse timane, og det var mange kjekke lenkjer som eg har vore inne å kikka på. Eg likte særleg godt sida til SAFT, http://www.saftonline.no/SkolenogSAFT/, og Du bestemmer, http://www.dubestemmer.no . Her kan både born og vaksne finne mykje nyttig informasjon og nettbruk, mobilvett og liknande.

Elles vart det også sett fokus på Åndsverkslova og med det plagiering. Plagiering var eit ord som var nytt for meg, men eg visste kva det ville seie når eg vart fortalt det. Det som ofte viser seg, et at det mange som ikkje veit at det er ulovleg å laste ned bilete frå til dømes Google, utan å ha fått tillating frå den som har opphavsretten. Dette har eg også i stor grad gjort sjølv, men eg håpar for min eigen del at eg blir meir fokusert på dette etter kvart. Det tar seg ikkje ut å gjere noko som ein seier til born ikkje er lov. Det er ikkje alltid det ein seier som blir fulgt, men derimot det ein gjer. Difor kan det vere lurt å ha ein biletbank som ein kan gje elevane lov til å ta bilete frå, anten det er lærarane sjølv som har laga han, eller at ein har fått lov å bruka biletene frå andre.

Web 2.0 er noko eg ikkje har høyrt om før, men som verka spanande. Eg trur nok eg treng litt tid på å setje meg inn i kva dette inneber. Det er uansett kjekt at me får vite om slike sider som dette, som me kan gå inn på å utforske på eiga hand. Det kan fort verte litt kaotisk oppe i toppen når alt nytt skal visast på ein gong.. Tid er mykje verdt!