fredag 31. august 2007

31/8-07 Ein lærar eg hugsar godt...

Eg får fram ulike kjensler når eg tenkjer over dei mange lærarane eg har hatt opp gjennom åra på skulebenken. Alle lærarane har på kvar sin særskilde måte hatt sine særtrekk som gjer sitt til at eg hugsar dei på den og den måten. Eg har difor mange minner, både gode og mindre gode, frå barne- og ungdomstida på skulen. Eg har likevel lyst å dvele ved to lærarar som har sett djupe spor etter seg.

Den første læraren eg vil byrje å fortelje om er ei dame, og ho heiter Karna. Karna var læraren min frå første til tredje klasse på Ølen Vidaregåande Skule, og faga ho underviste i var nyare historie, samfunnslære, geografi og tysk. Det som gjer sitt til at eg hugsar Karna så godt, er nok den varme og behagelege framtoninga hennar, smilet, den jordnære humoren og den trillande latteren. Karna var på same bølgjelengde som elevane sine, og ho var alltid full av forståing, anten det var om eg kom for seint til ein time, eller om eg berre hadde ein dårleg dag og difor ikkje var så aktiv i timane. Karna var også ein god tilretteleggjar som var flink til å observere og å sjå kvar einskild av oss. Ut i frå ulike emne i ulike fag kunne ho laga eigne opplegg til dei elevane som ikkje klarte å følgje fleirtalet.

Det var særleg i det tredje og siste året med tysk, at eg byrja å kjenne Karna skikkeleg. Det hadde også noko med at tysk var eit valfag, og at me difor berre var fem elevar i klassen. Klasseturen til Tyskland var utruleg kjekk! Karna var med på alt det me fann på, og etter turen vart ho, tru det eller ei, nesten som ei venninne. Turen vart snakka om i fleire dagar i etterkant:) Det er ikkje utan grunn at ho nå går under kallenamnet "Chili Con Karna".

Det eg trur gjorde sitt til at mange hadde respekt for Karna, var at ho hadde den eigenskapen at ho var lærar i skuletida, men også det at ho var såpass sporty at ho kunne leggje lærarrolla vekk på fritida. Alt dette, kombinert med god og mykje kunnskap og dugleikar, gjer Karna til min favorittlærar opp gjennom tidene. For meg er Karna eit godt bilete på korleis ein god lærer kan vere. Ho gjorde sitt til at eg forstod og likte faga ho underviste i...

Dette var eit lite bilete på favorittlæraren min. No skal du få høyre ei lita historie om ein lærar eg ikkje likte fullt så godt, nemleg matematikklæraren min, også på vidaregåande:


Det heile starta i første klasse
Motivasjonen var vel heilt "sånn passe"
Som ny elev på skulen eg kom
Var litt redd - måtte late som

Mange gode vener eg fekk
Dagane, vekene, månadane gjekk
Fritid, niste, tullprat med meir
Skulle tru eg var på somarleir!

Så kom hausten, leksene med
Slutt på fritid, måtte følgje med:
Isbre, Vikingtid, Ibsen - vart pugg
Nokre fatta ikkje det fnugg
Klarte meg bra, karakterane god
Mange sa "ikkje les, du greier det jo!"
Men eg likte faga, eg skreiv og eg las
Medan andre satt i timen, og berre dreiv med fjas

Matten var mitt svakaste fag
Likte helst å arbeida i lag
Prøvde det eg kunne, fekk det ikkje til
Spurde: Kan du hjelpe meg, du som er så snill?

Nei, snill det var han ikkje den gamle gretne mann
Han klarte ikkje lære meg, den mannen er ikkje sann!
Er liksom flink, professor - all kunnskap som han ber!
Hjelper ikkje når han ikkje sine elevar ser

Karakteren den gjekk nedover, hamna snart på tre (3)
Og utviklinga i faget, den gjekk jo berre ned!
prøvde å ta tak i han, han nekta beint å sjå
Alt eg fekk var svaret "må hjelpe dei flinke
Fekk endeleg mannen bort til meg, eg måtte ha eit svar
Men hjelpa den vart altfor kort og faktisk ganske snar
Han klarte ikkje svara meg, eg sat der ganske dum
Professoren fordufta til neste klasserom

Nå har du høyrt historia, og slutten den kjem nå
Enda på ein tre'ar, men det får berre gå
Trur nok om eg flinkare lærar hadde fått
Forståinga og kunnskapen betre hadde gått




tirsdag 21. august 2007

21/8-07 Refleksjon over valet mitt som lærar

Eg har alltid hatt problem med å vite kva eg ville bli når eg vart stor. Alle venninnene mine på grunnskulen hadde planen klar frå dag éin; sjukepleiar, frisør og dyrlege - her fanst inga tvil! Og ja, det er desse yrka dei har utdanna seg i den dag i dag. Heldigvis trur eg ikkje er er åleine om dette problemet, sjølv om det av og til kan verke slik. Eg har tenkt og tenkt, og sjølv om det er mange yrker som eg trudde eg kanskje kom til å like meg i, var det liksom ikkje noko som sa: Ja, der har me det! Åra gjekk, og plutseleg (ja, for det verka slik) kom det året der eg på alvor måtte ta eit val: Kva skal eg gjere etter vidaregåande?? Eg var motivert til å fortsetje på skulebenken, det var ikkje her problemet låg. Eg visste heller ikkje kva eg gjekk til når eg fekk svar frå Samordna Opptak at eg var komen inn på årseining kroppsøving/grunnfag idrett på Høgskulen Stord/Haugesund. Eg tenkte med meg sjølv at dette skulle verte eit aktivt og kjekt år (noko som det absolutt var), men hadde inga aning om at studiet var lærarrelatert. Det skulle derimot vise seg at det var i dette året nøkkelen til utdanninga mi låg...

Nok novelleprega forteljarstil...

Det var altså, som du sikkert har forstått, i fjor det endeleg gjekk opp eit lys for meg, og då eg endeleg fann ut at det var lærar eg kunne tenke meg å bli. Eg trur kanskje det kan ha ein samanheng meg at eg alltid har likt skulearbeid, og at eg likar å ha orden og system rundt meg. Men eg trur ikkje det var desse to faktorane som tydde mest. Eg har alltid likt å vere med folk, og å møte nye identitetar, vaksne som ungar. Det å få kunne vere med å ta del i born si utvikling, både på det sosiale, kognitive og fysiske stadiet, er det som fristar meg. Dette fekk eg smaken på då eg var ute i praksis i kroppsøving i fjor. Ikkje minst verkar det spanande og utfordrande å vite at ein er delansvarleg for kva eit born lærer seg. Eg har lyst å få sjå glede og iver hjå eit born som brenn etter å få teke fatt på skulearbeid og nye oppgåver, men også å vere ei hjelpande hand for dei som slit med skulearbeid, og som ikkje ser ljoset i enden av tunnelen.
Det er likevel vanskeleg å setje fingeren på den absolutt særskilde faktoren som gjer sitt til at eg har valt denne utdanninga. Likevel kan eg vel trygt seie at små og store utfordringar, interessante kvardagar og samhandling med born og voksne er stikkord som er relevante for mitt val.

Elles bur eg i Skjold, som ligg tre kvarter søraust for Stord. Den korte vegen og ein grei skule har gjort sitt til at eg ynskjer å fortsetje tre år til her på Stord. Vonar me får nokre kjekke og lærerike år saman! :)

mandag 20. august 2007

20/8-07 Refleksjon

I dag hadde me dei tredje og fjerde timane i pedagogikk, og på lik linje med dei to første timane me hadde i førre veke, var også desse timane med på å gje ei form for introduksjon til faget. Eg fekk innblikk i nokre få nye og ukjende faguttrykk og ord, kva meining som låg i dei og kva dei eigentleg betydde. Omgrepet pedagogisk psykologi er eit ord eg ikkje har vore borti før, men etter denne timen må eg seie at eg vart om ikkje mykje, men litt klokare.
Eg fekk ei kjensle av at desse timane var ein form for tankevekkarar; at kvar einskild skulle få tankeverksemda i gong, og tenke litt over deira eigne synspunkt i forhold til ulike emne. I alle fall har eg gjort det.
Eg har gleda med til å ta fatt på dette faget, for eg har alltid lurt på kva faget eigentleg inneber, korleis det er lagt opp og kva eg eigentleg vil få ut av det. Og ikkje minst korleis, om og når eg vil forstå det. Eg trur også at dette er eit fag som til tider (eller kanskje ofte??) kan vere eit utfordrande og vanskeleg fag - på mange måtar. Eg trur pedagogikken som fag kjem til å verte interessant, og det blir spanande å sjå korleis både arbeidet og tankeverksemda mi kjem til å utvikle seg.

20/8-07 Presentasjon

Då var bloggen oppretta! Dette er det første innlegget i bloggen min, og eg håpar på å få personalisert han ein av dei førstkomande dagane...

Eg heiter Malin, er 20 år og kjem frå Isvik i Skjold. Eg bur for tida på Knapphus i Øvre Vats med kjærasten min Svein Magne, som eg skal gifte meg med i juni neste år. Eg har to sysken, ein bror som er tre år eldre enn meg og ei syster som er to år yngre enn meg. Av interessene mine så er eg glad i å synge og spele, lage mat, gå turar (anten åleine eller med hunden min Tinker:)) og å fotografere. Eg fotograferar så snart det byr seg ein sjangs! Elles har eg tre år med allmennfag på Ølen Vidaregåande Skule og eit år med kroppsøving årseining her på HSH bak meg, der det sistnemnde året absolutt kan anbefalast på det sterkaste! :) No går eg jo her på allmennlærarutdanninga på Stord, så planane er i alle fall lagde for tre år fram i tid. Etter desse tre åra er planane anten å gå ut i jobb eller å gå vidare på spes.ped. eller eit anna grunnfag/fordjupningsfag.


Elle
s jobbar eg som deltidstilsett på Kiwi Isvik i Skjold, og her trivs eg. Har jobba i butikk i sju år snart, så eg byrjar å kjenne til dette arbeidet etter kvart.

Håpar på å få nokre kjekke år til her på Stord, og at me i klassen blir godt kjende med kvarandre og får eit kjekt miljø!