onsdag 24. oktober 2007

Nokre erfaringar frå observasjonspraksisen i veke 38

Etter observasjonspraksisen sit eg att med ein del tankar og erfaringar. Først av alt har eg nok endå ein gong fått stadfesta at eg har valt rett yrke, heldigvis! Då eg gjekk på grunnfag kroppsøving i fjor, har eg ein del praksisperiodar bak meg. Då dette året eigentleg er det tredje eller fjerde i lærarutdanninga, vil dette i teorien tyde at me eigentleg skulle ha gjennomført mange praksisperiodar i løpet av dei to første åra, som er dei åra me held på med nå. Difor vart eg kasta inn i faget og praksisen, og det vart ikkje teke omsyn til dei "ferske" studentane som tok dette grunnfaget som det første året. Difor var det med glede eg tok meldinga då eg fekk vite at me i år, som det første året, skulle ha ein observasjonspraksis før me skulle ta til å leggje opp undervisninga sjølve. Eg må seie at det er kjekkare å ta progresjonen gradvis, og ikkje byrje midt inni, slik som eg ikkje ante det kom til å bli i fjor. Eg klarte meg likevel godt, det skal ikkje stå på det! Eg i alle fall ikkje i tvil om at dette er noko eg har lyst til, og at dette er noko eg trur eg passar til.

Som alle veit, har førsteinntrykket, når ein skal verte kjende med nye personar og stadar, mykje å seie. Dette førsteinntrykket klarte Skåredalen Skole og dei tilsette ved skulen å levere bra. Den første dagen vart me godt mottekne, og eit informasjonsmøte om skulen, elevar og erioden var sentralt. Eg har fått eit godt inntrykk av skulen som heilhet, og ikkje minst av alle dei trivelege tilsette ved skulen. Praksislæraren vår la ting til rette for oss, og kjensla mi seier at praksislærar og praksisgruppa mi gjekk godt i lag og fann tonen.

Læraryrket er eit krevjande yrke som møter spanande utfordringar kvar dag. Når det er sagt så tykkjer eg at praksislæraren vår var ein utruleg dyktig lærar, og frå min ståplass eit godt døme på korleis ein god lærar skal opptre. Ho var motiverande, og såg alle elevane i klassen sin. Ho visste korleis ein kunne tilretteleggje for einskilde elevar. Samtlege elevar hadde repekt for ho, og med det meiner eg mellom anna at dei sa og gjorde slik som ho sa. Elevane visste kor langt dei kunne strekkje seg før det var gått for langt, og samtlege av dei undervisningstimane eg såg ho i, var godt førebudd og ikkje minst spanande. Ho hadde lagt fagstoffet og undervisningsmetoden opp på den måten at det utfordra elevane, at dei fekk gå utanfor si eiga grense ("speilegget"). Her kunne ein til dømes finne både deduktiv og induktiv metode innanfor den same timen, og gjerne innanfor den same arbeidsoppgåva. Slik som praksislæraren var i rolla si, så kan eg tenkje meg at ho har bygd opp eit godt og solid grunnlag for hennar eiga undervisning. Den pedagogiske plattformen viste godt att på måten ho la fram både fagstoffet, undervisningsmetodane og den generelle undervisninga på.

Det eg også konkret har lært, er korleis ein kan nytte observasjon i skulen til så mange nyttige formål. Observasjon er noko eg i praksis aldri har vore borti før, så det var spanande å få prøve ut ulike observasjonsmetodar, og å sjå korleis dei ulike metodane hadde ulike formål.

Det som var kjekt å sjå, er korleis utviklinga innanfor den norske skule har gått til værs! Mykje har forandra seg sidan eg gjekk på barneskulen, og hadde du spurt ein lærar om kva Fronter og digitale/interaktive tavler var, var det nok ingen som kunne ha svart på det. Det er kjekt å sjå at det ein lærer i lærarutdanninga blir gjennomført i praksis, i alle fall på dei nyaste skulane. Eldre skular er nå på gang mot eit meir moderne samfunn dei også! Det at IKT er blitt ein av dei fem grunnleggjande kompetansane til elevane, på lik line med det å kunne lese og skrive, tykkjer eg er spanande! Inga handling utan konsekvens: Det set også meir lit til læraren si evne til heile tida å halde seg oppdatert.

tirsdag 23. oktober 2007

23/10-07 Refleksjon etter framføring

Dagen i går var sett av til framføring i læringsteoriar og med det, vårt pedagogiske grunnsyn, i pedagogikken. Dei aller fleste gruppene fekk framført deira tolking av ein eller fleire av læringsteoriane, og for min del så vart eg svært overrasska og synest at dette gjekk over all forventning! Eg har vore innom nokre av dei andre bloggane og snakka med ein del medstudentar, og eg kan sjå at det same går att: Dette var vellukka for alle!

Det var utruleg interessant å sjå korleis dei ulike gruppene hadde valt å leggje fram sitt resultat, korleis dei ulike gruppene med den same læringsteorien hadde tolka den einskilde teorien, og kva dei hadde lagt vekt på. Eg vart, som sikkert ganske mange andre, godt imponert. Eg lærte ein del av å sitje å høyre på dei andre gruppene, og det som var så kjekt var at eg lærte noko nytt av så og seie kvar gruppe. Det var nesten ingen grupper som hadde det same fokuset på framføringa, sjølv om læringsteorien var den same.

Sjølv synest eg at framføringa til mi eiga gruppe gjekk veldig bra. Det som var litt spesielt med vår framføring, var at me hadde valt ein heilt annan vri enn mange av dei andre gruppene. Me satsa på ein stum/mime-variant, og prøvde så godt som råd var å formidla vårt syn på kva kunnskap er og vårt syn på korleis born best lærer. Eg trur me fekk til dette, og eg trur ikkje at me hadde ein vanskeleg vri sjølv om framføringa ikkje vart så konkret som mange andre. Då dei fleste medstudentane på førehand skulle ha sett seg litt inn i og vite litt om dei einskilde teoriane, var meininga at dei difor ut frå situasjonane våre, kunne lese kva for ein teoriane det var me prøvde å formidla. Poenget vårt med framføringa, var å setje dei ulike læringsteoriane litt "på spissen", slik at dei kanskje vart enklare å forstå, og for å sjå ulikskapane/skiljet mellom dei. Dei læringsteoriane me hadde teke utgangspunktet i, var behaviorismen, kognitivismen, kostruktivismen og MI-teorien...

Seinare revidering:
Grunnen til at me tok utgangspunktet i nettopp desse fire læringsteoriane, var fordi me synest at ein god kombinasjon av desse utgjorde det me såg på som "den beste måten å lære på".

Behaviorismen står for stimulus-respons-metoden, der mennesket er eit objekt utan sjølvstendig vilje, tankar eller kjensler. Mennesket vert påvirka av ein stimulus (til dømes ei bjelle), som deretter blir etterfølgd av ein reaksjon/respons (spyttproduksjon). Difor kan ein seie at mennesket er ein maskin, som handlar etter gjevne stimuli. Me ynskte å ta utgangspunkt i denne teorien, då han for det første er mykje brukt i skulesamanheng, og for det andre er ein interessant teori. Det at "alt" blir sett litt på spissen, ved at ein kan få ein person til å gjere som ein vil, er jo ganske fascinerande. Straff og belønning er sterke verkemiddel, og sentrale teoretikarar er her John B. Watson, Burrus F. Skinner og Edward L. Thordike.

Vidare gjekk me også for konstruktivismen, den sosiale konstruktivismen, som står for at kunnskap må sjåast i lys av den kulturen og det språket som ein person høyrer heime i.
Kunnskapen blir til i den sosiale samanhengen. Språket står med det i ei særstilling, og er viktig i forhold til korleis ein ser verda på. Språk finst overalt i læringsarenaen, og dette synest me var såpass jordnært, at me ynskte å ha også denne teorien med.

Den siste teorien me valte, var MI-teorien. MI-teorien står for dei mange (åtte) intelligensane:
  1. Lingvistisk intelligens (språklig intelligens)
  2. Logisk-matematisk intelligens
  3. Musikalsk intelligens
  4. Spatial intelligens (for forståelse av rom)
  5. Kroppslig-kinestetisk intelligens
  6. Intrapersonlig intelligens (sosial intelligens)
  7. Interpersonlig intelligens (intelligens for selvinnsikt)
  8. Naturalistisk intelligens
Howard Gardner meiner at alle individ innehar ein eller fleire av desse intelligensane, av ulik grad. Denne teorien tok me med, då me meiner det er positivt å vise at individ kan vere såpass ulike, og at dette kan føre noko positivt med seg. Mangfold, som kan føre til nyttig og lærerikt samarbeid, er bra! Me ville få fram at ved å kombinere ulike elevar med ulike positive eigenskapar/kompetansar/intelligensar, kan ein få meir ut av læringsutbyttet, då ein kan lære av kvarandre.

Eg må innrømme at eg "datt litt vekk i draumeland" på slutten; for min del vart det kankje litt for mange framføringar etter kvarandre. Godt at me fekk mange pausar! Alt i alt ei kjekk økt, og ikkje minst ei kjekk oppgåve - når ein først var komen i gong. Eg kan godt ynskje meg fleire slike oppgåver.

Elles vil eg tru, i alle fall frå den ståstaden eg står nå, at eg i mi eiga rolle som lærar i byrjinga vil nytte meg av ein god blanding av mange teoriar. Då eg endå ikkje har så godt innsyn i teoriane, veit eg heller ikkje korleis undervisninga ville blitt lagt opp i forhold til dei ulike teoriane. Eg gler meg til å jobbe meir med teoriane, og prøve å danne meg ein pedagogisk plattform.

Seinare revidering:
Å danne seg eit pedagogisk grunnsyn, er viktig. Eit pedagogisk grunnsyn er dei haldningane, verdiane og røyndomsoppfatningane som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd (Lillemyr og Søbstad 1993). Det pedagogiske grunnsynet ein dannar seg, og læringsteoriar heng saman: Medan læringsteoriane seier noko om korleis læring skjer, seier det pedagogiske grunnsynet noko om korleis ein sjølv synest er den rette måten å lære på. Det pedagogiske grunnsynet trur eg ein rett og slett finn ved å spørje seg sjølv om kva ein synest er viktig: Kva set eg som høge verdiar, kva synest eg er rett i denne samanhengen, kva meiner eg om det? Kva er den "rette" måten å lære på? Kva meiner eigentleg eg om bahaviorismen? Slike spørsmål er med på å forme oss, og dannar til slutt eit pedagogisk grunnsyn. Det pedagogiske grunnsynet blir med det liggjande til grunn for planlegging og undervisning. Korleis lærer elevane mine best? Grunnsynet er heller ikkje statisk, men derimot foranderleg. Ein opplever og erfarer stadig nye ting, som ein kanskje ynskjer å ta med seg vidare. I forhold til læraryrket er det godt å ha ein stabil plattform å "lene" seg mot; å ha eit felles pedagogisk grunnsyn innad i skulen. Då veit ein at alle jobbar fram mot det same målet, og at alle ynskjer det same for elevane og skulen.

Mi-teorien var ein teori som eg særskild beit meg merke i, då det er denne teorien Skåredalen Skole legg opp undervisninga si etter. Ein annan grunn var at eg ikkje hadde høyrd om denne teorien frå før. Dette er absolutt ein interessant læringsteori. Eg lærte ein del nytt av den gruppa som hadde framvising av denne teorien, og dette er også ein teori som eg kunne tenke meg å få teste ut i praksis.

mandag 15. oktober 2007

15/10-07 Samandrag etter eiga økt

Sist veke fekk me eit oppdrag: Dei ulike praksisgruppene skulle på ein eller annan måte leggje fram ein eller fleire læringsteoriar, og finne ut i kva for retning me ville ha teke på undervisninga vår. Spanande, men krevjande! Me fann oss eit grupperom på slutten av dagen og snakka litt fram og tilbake om korleis me skulle ta fatt på arbeidet. Me byrja på oppgåva slik at me fordelte dei ulike læringsteoriane på kvar av oss. Deretter skulle me til dagen i dag ha sett oss litt inn i vår teori på den måten at me kunne forklare han til dei andre medstudentane. Det eg synest var vanskeleg ,var å finne ut kvar det sentrale i kvar teori låg. Det var til tider også vanskeleg å forstå kva det var den einskilde teorien eigentleg ville fram til, og eg lurte ofte på om eg i det heile hadde forstått det rett. Det som eg innser, er at min læringsplattform nokså sikkert til å byrje med vil kome til å bestå av ein god blanding av mange ulike læringsteoriar. Kvar einskild teori har kvar sine logiske og sentrale poeng, som alle kan høyre inn under eit godt undervisningsgrunnlag. Kvar læringsteori har noko å bidra med. Eg gler meg til å sjå korleis undervisninga mi vil verte sjåande ut om nokre år...
Dette arbeidet med fordeling av teoriar fungerte likevel, alt i alt, ganske greitt, men då det var mykje pensum og nok av litteratur å ta av, klarte me (sjølvsagt) ikkje å setje oss inn i alt. Me tykkjer likevel at me har fått eit godt innblikk i dei fleste teoriane.

Heile dagen i dag har gått føre seg på Høgskulen i Haugesund. Her har me hatt brainstorming angåande korleis me ønskjer å leggje fram resultatet vårt. Det har vore mange gode idear som har "poppa" opp undervegs, og til slutt vart me sitjande att med eit resultat som me tykkjer kan vere brukande til framføringa. Så står det berre att å sjå korleis det går om ei veke:)

tirsdag 2. oktober 2007

01/10-07 Refleksjon

Etter ei veke med observasjonspraksis og ein pause frå pedagogikkfaget, er det no på an att med ny driv:) Måndag byrja dagen med ein presentasjon av dei ulike arbeidsmetodane klassen har jobba med. Det var lærerikt å høyra om metodar eg anten aldri har høyrd om før, eller metodar som eg visst eksistert, men som eg ikkje har kunne noko om. Døme på dette er bifrost eller storyline. Vidare fortsette timane om læraren sitt arbeid når det gjeld å leia basisgruppa på læringsarenaen. Dette er eit omfattande emne, som mellom anna tek utgongspunkt i kva normer og verdiar som blir liggjande til grunn for ein lærar si undervisning. Eg fann atter ein gong ut og fekk atter ein gong bekrefta at det ikkje finst eit fasitsvar på dette. Det er opp til kvar einskild lærar å finne sitt pedagogisk grunnsyn og sin måte å leggje fram undervisninga på. Dette er ein stor utfordring, men likevel noko eg gler meg til å ta fatt på.

Timane vart for min del ein tankjevekkjar; korleis vil eg velje å leggje opp undervisninga mi? Kva for tankar og verdiar har eg eigentleg om dette? Kva vil eg leggje mest vekt på i mi undervisning? Det er kanskje enkelt å setje seg mål no, at eg vil gjere det slik og slik. Men det er kanskje slik at når ein kjem ut i det verkelege livet, så er det kanskje dei mest sjølvsagde faktorane som raskast blir gløymd. Det eg i alle fall veit er at faktorar som mellom anna forståing, å vere eit medmenneske, tryggleik, godt foreldresamarbeid, byggja relasjonar og ha eit sterkt fagleg fokus vil vere sentralt i mitt grunnsyn.

Seinare revidering:
Det å ha mange ulike undervisningsmetodar å spela på, står også sentralt. Og kvifor det? Ingen er like, men unike, og alle elevar har sine ulike læringsstilar. Med det meiner eg at alle som treng det, skal få den tilpassa opplæringa dei treng. Og skal dei få det, må også læraren kunne variere undervisninga si, og leggje den opp til elevane sine individuelle forutsetnader og behov. Me lærer alle på ulike måtar; nokre lærer best av tavleundervisning, medan andre likar og lærer best av å jobbe sjølvstendig eller med andre med oppgåver knytt til ein tekst. Dette er grunnen til at me må lære oss å ta i bruk varierte undervisningsmetodar, og ikkje bli gåande i dei same (og kanskje trygge?) spora som tidligare. Utfordre deg sjølv!

Kva er ein god måte å leie ei basisgruppe på? Her kan nok finnast mange svar, men det er likevel nokre stikkord som eg syns merker seg ut som heilt nødvendige. Det å vere ein tydeleg vaksen, er eit vesentleg punkt. Heilt frå starten av er det viktig å vise elevane kvar grensene går og å setja tydelege grenser. Her er det du som bestemmer! Ein må setje seg i repekt, men samstundes vere venleg. Det å ha autoritet, men samstundes ikkje vere autoritær, trur eg er viktig. Ein ønskjer ikkje at elevane skal vere redde deg, men at dei skal ha repekt for deg, samstundes som du kan vere ein god omsorgsperson og ven. Respekt for lærar og respekt for elevar er noko ein kvar lærar bør ta inntil seg.

Eg er heilt samd i påstanden som seier at god arkitektur vil gje god læring. Miljø og trivsel har så mykje å seie! Det veit eg også ut i frå eigne erfaringar, både frå barneskulen, den vidaregåande skulen, og skulen eg hadde praksis på i fjor. Sistnemnde skule var ein gamal skule, som ikkje hadde fått øyremerka pengar til oppussing/restaurering. Av berre dei seks vekene eg var der, kunne eg i etterkant med handa på hjartet seie at dette ikkje ville bli min framtidige arbeidsplass. Ja, trivsel, lys, orden og openheit har mykje å seie!

Det som kan vere ei utfordring i skulekvardagen er elevar med ulike problem; elevar med problemåtferd. Også her blir det opp til kvar einskild lærar å finne sin måte å handtere dette problemet på, og då problema kan vere alt frå læringsvanskar til mobbing, vil nok dette by på mang ei utfordring. I forhold til dette temaet såg me ein film som omhandla ein gut på omtrent ti år som hadde blitt mobba sidan han byrja på skulen. I dette tilfellet gjekk mobbinga så langt som til kveling og heftige slåsskampar. Det var ein sterkt rørande film. Då Kjell Magne Bondevik i sin nyttårstale frå 2002 lova å få bort all mobbinga rundt på alle skular i heile Noreg innan to år, trur eg han snakka ikkje berre litt over seg. Eg trur nok det går an å få ned prosentdelen av mobbing, men heilt borte trur eg aldri mobbing kjem til å bli. Mobbing har i alle fall ein gong for alle no blitt teke på alvor, og det viser seg i Opplæringslova sitt nye kapittel, mobbelova kapittel 9a. Olweus prosjektet er også eit tiltak for å kartleggje mobbinga i dagens skular.

Elles har eg vore inne på lenkja om LP-modellen og sett litt på kva det er for noko. Dette høyrdest verkeleg ut som eit interessant prosjekt! LP-modellen er eit forskningsbasert prosjekt som tek sikte på å betre og utvikle gode læringsmiljø. Kort fortalt, slik som eg forstod det, går heile ideen går ut på at lærarane skal samlast om ulike utfordringar i skulekvardagen, anten det handlar om "småknuffing" i gangen eller om elevar som har atferdsvanskar. Poenget er å få bukt med utfordringa: kva er årsaka til at dette hender? Kan løysing av denne utfordringa føre til at dette problemet blir vekke? Lærarane (gruppa) følgjer ein mal, som byrjar med å kartleggje utfordringa og sluttar med ei eveluering av arbeidsperioden. Ja, det har faktisk blitt prova at dette er ein strategi som verkeleg fungerer i arbeidet med å løyse ulike utfordringar! Døme på nokre evalueringsresultat etter prosjektperioden, er at samtlege skular som var med i prosjektet fekk redusert bråk og uro i undervisninga, det vart betra sosial kompetanse mellom elevane og at mobbinga hadde fått ein klar nedgang. Dette er bra folkens!

Som avslutning kan eg seie at det å finne sitt eige pedagogiske grunnsyn og sin eigen måte å undervisa på, kan nok ta ei stund. Eg trur ikkje slikt er gjort på ein, to, tre. Eg trur det er viktig å prøva ut ulike metodar, og ikkje vera redd for å feila. Då veit ein i alle fall kva for faktorar som ein ikkje vil praktisere eller leggje vekt på.