mandag 26. november 2007

26/11-07 Kosedag med fagleg innhold

Dagen i dag var første dag etter praksis, og i følgje timeplanen skulle me ha oppsummering og refleksjon av perioden. I staden for å sitje inne i dei kjedelege klasseromma våre, tok me like godt på oss gode og varme klede og rusla på tur. Turen var flott! Det var kjempegodt å få lea seg litt og nyte den friske vinterlufta ein tidleg måndag morgen i slutten av november. Det vart snakka om både skulefaglege erfaringar og refleksjonar, og om anna som ikkje var relatert til skule i det heile. Etter den gode løypa på seks kilomenter, bad Birgit oss inn til seg sjølv, der me vart servert både vafler,kaffi, te og ikkje minst ei god og varm stove. Det vart rom for litt sjokoladeeting og kakoadrikking også. Me samla oss i grupper og fekk snakka litt skikkeleg og gjorte erfaringar, og andre ting som var greitt å få tatt opp. Det var kjekt og interessant å få høyre andre medstudentar sine erfaringar og opplevingar, og ikkje minst å få samanlikne med dei studentane som hadde vore på Langeland skule på Stord. Kjekt å sjå at mykje av det me har opplevd har vore både likt og ulikt på same gong! I slutten av dagen var det duka for klassens time, og klassen vår fekk gjennomgått ein del ting.

Eit kjempebra dag, og eit flott foretak som eg gjerne vil gjere om att! :)

mandag 12. november 2007

05/11-07 Refleksjon

Planlegging av ein undervisningstime og kva ein lærar må tenkje gjennom før undervisning var det dagen førre måndag handla om. For min del vart dette mykje repetisjon frå i fjor, men det gjer ingenting å få repetisjon i akkurat dette, det som er såpass viktig for å danne seg eit godt undervisningsgrunnlag! Omgrepet didaktikk lærte eg i fjor og veit kor viktig kva, kvifor og korleis er i denne samanhengen, men eg har aldri heilt skjønt eller sett meg inn i kva samanhengen er mellom didaktikk og pedagogikk. Det fekk eg ei viss forståing for no, og er difor ein kunnskap rikare!

Når det gjeld diamanten , eller den didaktiske relasjonsmodellen, så var eg også med dette skjemaet/modellen godt kjend frå før. I fjor la eg merkje til at det til tider kunne vere vanskeleg og utfordrande å planleggje etter alle fakorane i modellen. Det at dei ulike faktorane har ein usynleg tråd som bind seg fast i kvarandre, som gjer at når den eine faktoren drar i den andre, drar den andre faktoren i den tredje osv., fekk eg merke gong etter gong. Det er som allereie kjend kjekt å få prøve ut det som ein i teorien lærer. Det kan verke så enkelt å følgje eit skjema når ein sit i forelesningssalen, men det kan absolutt verte ei utfordring i det verkelege livet. Og nei, sjølv om ikkje lærarar absolutt slavisk følgjer eit slikt skjema, er det jammen meg lurt å lære kvifor me lærar å bruke eit slikt skjema: me skal nemlig lære oss å tenkje pedagogisk: Kva gjer me i denne timen, kvifor gjer med dette, og korleis skal me gjere det? Og etter endt undervisning kjem evalueringa: kva gjekk bra og kva kan eg gjere betre? Kva fungerte ikkje og kvifor?

Seinare revidering:
Diamanten er delt inn i seks kategoriar (sjå bilete), som alle representerer viktige faktorar å hugse på i planleggingsfasen. Modellen er lett forståeleg og anvendeleg, slik at den kan brukast av både uerfarne lærarstudentar og erfarne lærarar. Orda som er brukt er også greie å forstå, og med det kan ein lett klare å internalisere seg den didaktiske tenkinga som er innebygd i modellen (Lyngsnes & Rismark 2007:77). Diamanten viser planlegginga og vurderingane av ein time som ein heilskap, der det ikkje er nokon av faktorane som kjem først (som i eit hierarki). Det som er viktig å tenkje på, er at faktorane heller ikkje er isolert frå kvarandre. Endring i ein faktor, fører til endring i ein annan faktor. Ein må heller ikkje knyte seg for mykje opp til ein slik modell. Lyngsnes & Rismark meiner at ein god lærar mellom anna vert kjenneteikna ved at han eller ho kan justere ein planlagd time, om det skjer uforutsette ting. Eg kunne ikkje vore meir einig. Den didaktiske relasjonsmodellen er berre ein modell, eit godt verkty, ikkje ei tvangstrøye.

Kvifor skal me planleggje time for time, dag for dag, veke for veke? For meg kjennset det nesten dumt å svare på eit slikt spørsmål, for eg meiner at saka er klar: utan nokon som helst form for systematisk planlegging, vil ulike sider ved arbeidet berre verte ivaretatt ved hjelp av tilfeldigheiter. Utan planlegging har ein mest sannsynleg ikkje tenkt gjennom kvifor ein gjer som ein gjer, og kva er då vitsen? Ein uforberedt lærar har på lang sikt (unntak skjer sjølvsagt) ikkje noko å gjere i læringsarenaen, for han eller ho vil mest sannsynleg ikkje vite kva han eller ho skal lære frå seg likevel. Det er for elevane me er der, og difor må me også stille opp, forberedt på alle måtar, slik dei har krav på.

Når det gjeld dei 10 tesene for god undervisning som me gjekk gjennom, såg dei slik ut:
  1. Tydelig struktur på undervisninga og læreprosessen
  2. Effektiv nytting av læretida
  3. Samanheng mellom mål, innhald og metodeval
  4. Mangfold av metodar og organiseringsformer
  5. Innøving av dugleikar, mentalt og fysisk
  6. Læraren si indviduelle støtte til den einskilde elev
  7. Eit undervisningsklima som fremmer læring
  8. Meiningsskapande språk i undervisninga
  9. Tilbakemelding frå elevene kring læreprosessen si form og innhald
  10. Avklaring av krav og vurderingskriterier til eleven sine prestasjonar

Dette er 10 gode teser som alle er viktige, kvar på sin måte, og eg synest det er vanskeleg å skilje ut nokre som er viktigare enn andre. Eg tykkjer at tesene står i sin heilskap. Viss eg likevel skal velje, tykkjer eg at nr 1, 3 og 4 på ein måte vert ståande som hovudteser; slik at dei andre blir viktige underpunkt til desse.

KAMPVISE er også ein viktig pilar i undervisninga. Konkretisering av innhaldet, aktivisering av alle elevane, motivasjon, naturleg progresjon i undervisning, variasjon i innhald, metodar og måtar, individualisering, sosialisering/samarbeid og evaluering av timen seier mykje om kva ein lærar må tenkje gjennom før ein kan gå i gong med undervisninga.

Det var svært lærerikt å få dette repetert, særskild før me nå skulle ut i praksis. Dette er nødvendigvis det vikigaste å ha i bakhovudet når det gjeld læraren si undervisningsplanlegging.

29/10-07 Refleksjon

I denne økta var det gjennomgang og oppsummering av dei ulike læringsteoriane me i eit par veker har jobba med no. Det vart også ein gjennomgong av pedagogikk- og matematikkoppgåva som skal leverast inn som førsteutkast i desember. Eg var diverre ikkje til stades i desse timane, grunna familietur til Tjekkia. Eg har likevel lest og fått nytte av det skrivet som handlar om læringsteoriar, som Birgit la ut etter denne økta. Kjekt å få teoriane samla og på den måten kanskje få ei betre oversikt som mellom anna kan nyttast til samanlikning av dei ulike teoriane. Når det gjeld pedagogikk-/matematikkoppgåva, så har eg lest skrivet som omhandlar denne. I tillegg skal eg få ei "briefing" av praksisgruppa mi, og vonar difor at eg vil kome på lik linje med dei andre og samstundes få ei betre forståing av oppgåva.

Seinare revidering:
Eg har også kikka på den "oppskrifta" som gjekk på formatering av oppgåver. Heilt supert at det vart lagt ut ein versjon for oss som har MS Word 2007 også! Oppskrifta var lett forklart med mange illustasjonar, slik at det var lett å finne ut kva som var gjort i det aktuelle dømet, og kva eg måtte gjere for å få til det same. Her var det mange kjekke funksjonar som nok gjer visse formateringar litt lettare! Funksjonane som gjekk på overskrift, hardt sideskift og innhaldsliste, hadde eg vore borti før, men det som var nytt for meg var korleis ein kunne velje ulike nivå på stilane. Det var kjekt å sjå at det prøvedokumentet som vart lagt ut, kunne bli så forandra så kjapt! Takk for gode tips!