søndag 27. april 2008

Refleksjonsnotat - takk for i år!

Så var tida komen for det aller siste innlegget i pedagogikkbloggen min for i år. Vemodig, men også utruleg godt å tenkje på at eg er eitt år nærare læraryrket. Året har gått kjempefort, og eg sit att med mykje god kunnskap, som eg gler meg til å setje inn i ein samanheng. Ærleg sagt, så hadde eg vel ikkje så mange forventningar til padagogikkfaget då eg byrja. Eg var mest spent på kva faget kom til å innehalde og korleis det kom det å bli, for eg visste at dette kunne vere eit litt "vrient" fag, der eigne meiningar og haldningar til ulike tema, var ein viktig del av den personlege veksten i faget. Frustrasjon og usikkerhet er difor stikkord som eg gjer uttrykk for i dei første innlegga mine.. :)

Spent var eg også til bloggskriving. Blogg var i haust noko heilt nytt for meg, og eg trur at eg ikkje var åleine om å tenkje at dette var "ein unødvendig og tidkrevjande metode". Men du kor glad eg er for det i dag! Bloggskrivinga har vore tidkrevjande, ja. Men på same tid har denne arbeidsmetoden "tvunge" oss til å setje oss inn i både forelesningar og pensumlitteratur, for i det heile å kunne skrive noko. Ein har måtta gå inn i seg sjølv, og lage seg opp sine eigne tankar og meiningar om dei ulike tema, og på denne måten fått fram både kunnskap, erfaringar og meiningar. Eg berre tenkjer på kor mykje av mi tankeverksemd eg har fått ned på papiret no, enn om eg hadde hatt seks timar på ein ordinær eksamen, der eg på denne vesle tida skulle ha reflektert gjennom heile året. Eg trur også kunnskapen sit mykje fastare, når ein får bearbeida fagstoffet på denne måten. Ein gjer fagstoffet til "sitt eige", der ein bruker formuleringar ein sjølv forstår, og der ein set kunnskapen inn i andre samanhengar. Eg vil nytte meg av denne moglegheita til å takke for at me har fått lov til å gå opp til eksamen på denne måten, med både bloggskriving og oppgåveinnleveringar. Denne eksamensmetoden trur eg har gjort sitt at studentane har fått fram erfaringane og kunnskapane sine på ein heilt annan måte.

Pedagogikkfaget for meg, har vore heilt topp. Som eg har gjeve uttrykk for, både ovanfor og i tidlegare innlegg, har det ført til mang ein frustrasjon. Likevel har me gong på gong fått sagt til oss, at dette er eit fag som ein kjem til vekse mykje i, både på eit personleg og på eit fagleg/kunnskapsbasert plan. Og det har eg gjort. Frå å i haust ikkje vite kva pedagogikkefaget var for noko, har eg vakse til å ha meiningar og tankar kring dei fleste tema faget har teke opp. Eg synest Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Pedagogikk, skildrar pedagogikkfaget svært godt:

Som fag har pedagogikk både en teoretisk og praktisk side. Teoretisk dreier det seg om å beskrive og drøfte oppdragelse og undervisning og belyse forholdet mellom disse virksomhetene og individ, samfunn og kultur. Praktisk dreier det seg om gjennom ulike undervisnings- og oppdragelsestiltak å legge til rette for læringsprosesser for tilegnelse av kunnskaper og ferdigheter, holdninger, normer og verdier og for utvikling av de ulike sider ved menneskets personlighet.

Me har gjennom dette året fått prøve oss både på den teoretiske og den praktiske sida av faget. Tankar om korleis og i kor stor grad barneoppdragelse skal gjerast innanfor skulen, og korleis ein skal leggje opp undervisninga, har vore spanande, men svært urfordrande tema som har gått som ein raud tråd gjennom heile året. Det er dette pedagogikkfaget er. Store spørsmål om korleis, kva og kvifor innanfor skuleverket. I år har me nok berre fått ei "innleiing" til faget, og eg gler meg til å byggje ut kunnskapen min i dette faget til neste år!

Eg har gjort meg mange erfaringar gjennom dette året. Å få vere seks veker ute i praksis, har vore svært lærerikt. Eg siterer Dewey : "Learning by doing". Eg gjekk i fjor på kroppsøving årseining, men det å undervise i ein gymnastikksal i forhold til eit klasserom, kan ikkje samanliknast. Det er snakk om to ulike læringsarenaer, med heilt ulike eigenskapar. Planlegging og gjennomføring av eigne undervisningsopplegg, har vor spanande. Her kjem den didaktiske delen av pedagogikkfaget inn, med spørsmåla KVA, KVIFOR og KORLEIS. Tre spørsmål som er grunnpilaren for undervisninga. Om ein ikkje har tenkt gjennom desse punkta, har ein lærar etter mi meining ikkje nokon ting å gjere i ein læringsarena. Praksislærar har vore kjempeflink til å rettleie oss; gjeve råd og tips om korleis ein kunne ha gjort det og det anleis, og gjeve ros og klapp på skuldra der ein verkleg har truffe hovudet på spikeren. I tillegg til undervisningspraksisen, har eg fått mykje ut av den første veka me var i obesrvasjonspraksis. Eg ante ikkje at det å observere kunne gje ein såpass mykje informasjon gratis. Samstudes synest eg det er vanskeleg å skilje mellom det å observere og det å tolke. Tolkinga kan lett kome inn i bilete, og farge av på observeringa, som eigentleg skal vere heilt objektiv. Feiltolking er også eit ord som skal seiast kan vere med på å lage eit feil bilete på obesrvasjonen.

I tillegg til den praktiske erfaringa, har kunnskap og erfaringane for det meste kome gjennom dei mange (interessante!) forelesingane, og med det grunnlaget har eg stort sett fordjupa meg i både aktuelle lenkjer og delar av pensumlitteraturen. Dei mange lenkjene som har blitt lagde ut, har vore spanande og sett på. Eg har naturlegvis ikkje sett på alle, men eg har prøvd og vore innom minst ei lenkje til kvar forelesing. Lenkjene har hjulpe meg til å sjå det aktuelle temaet frå andre sider, og av og til har lenkjene vore til hjelp for å forstå fagstoffet betre. Heilt supert at me i alle fall har fått moglegheita til å fordjupa oss meir! Når det gjeld pensumlitteraturen, har eg for min del halde meg mest til Gunn Imsen og Lyngsnes & Rismark sine bøker, då eg synest desse var mest lettleste, pluss at dei hadde mange gode emne og poeng.

Som nemnt tidlegare, har arbeid med både casar og andre oppgåver, vore gjevande. Eg sat særskild pris på oppgåva om Mons, der ein skulle prøve å kartleggje problem og finne alternative tiltak. Eg har stor tru på læring gjennom å jobbe med slike oppgåver; eg sit i alle fall att med mykje meir kunnskap enn eg trur eg ville gjort ved berre å lese fagstoffet. Her har ein eit tilfelle å jobbe ut i frå, og ein får med det sett kunnskapen inn i ein verkeleg samanheng. Sjå elles andre tankar og elles mi begeistring for denne oppgåva under innlegget om motivasjon...

Eg har lært meg sjølv å kjenne på ein heilt annan måte i løpet av dette året. Noko av det eg verkeleg har måtta gå inn i meg sjølv for å finne ut, er kor i leiet eg står i forhold til det pedagogiske grunnsynet. Eg har i løpet av dette året fått innblikk i mange læringsteoriar, og har med det tenkt mykje på kva eit pedagogisk grunnsyn er for noko, og kva som eigentleg er/kjem til å bli mitt pedagogiske grunnsyn. Kva synest eigentleg eg er den beste måten å leggje fram fagstoffet på? På kva måte trur eg at læring best skjer? Kva verdiar synest eg er viktige å leggje vekt på? Eg synest framleis desse spørsmåla er svært kompliserte og utfordrande å svare på, og eg synest det er viktig å presisere at ein ikkje kan sjå ein læringsteori berre ut i frå seg sjølv. Alle læringsteoriane har på ein eller annan måte noko til felles. Eg har prøvd å gjere meg opp nokre tankar om mitt pedagogiske grunnsyn:
Kunnskap er ikkje berre noko ein kan lange over til elevane; den skal konstruerast (konstruktivismen). Læringa og lærestoffet skal vere utfordrande for eleven, og elevane må få lov til å utforske ved til dømes å prøve/feile. Samarbeid og samhandling med andre er viktig for læreprosessen (sosiokulturekk teori), og det skal presiserast at alle ikkje kan alt, men alle kan noko (Mi-teori). Læraren skal ikkje gje alle svara til elevane før dei har fått prøvd på eiga hand. Kunnskapen blir stadig endra, anten ved at ein byggjer på, eller at ein lærer noko heilt nytt. Ikkje minst er det viktig at læringa er tilpassa den einskilde elev under individuelle forutsetnader (urealistisk?!), og at eleven får utfordringar ut i frå sitt evnenivå (den proksimale utviklingssona). Dette er ein brøkdel av den kunnskapen eg i løpet av året har tileigna meg, og noko av det eg ser på som god undervisning.

Ved både å vere i praksis og ved hjelp av forlesingane, har eg verkeleg fått ein innblikk i kva lærarrolla inneber, og kor mykje ansvar som kviler på ein lærar. Ja, det er til å verte skremd av! Undervisningsleiar, omsorgsperson, rollemodell, vaksenleiar, rettleiar, foreldrekontakt.. slik kan ein fortsetje.. slike roller som dette var ikkje ukjent for meg, men det er først i løpet av dette året eg verkeleg har fått tid til å tenkje over kva eg er på veg inn til, og kor stort ansvar som kviler på ein. Dei som trur at folk "berre vert lærarar", må berre tenkje seg om ein gong til før dei uttalar seg! Å kunne handtere ulike digitale verkty, er også ein fordel for dagens lærar. Då dette er blitt ein av dei fem grunnleggjande dugleikane, stiller dette store krav til læraren. På dette planet har eg tileigna meg mykje nyttig kunnskap i løpet av året som er gått. Animasjon, bilethandsaming og nettvett, har vore kjekke og interessante tema å jobbe med. Eg trur mange fekk seg ein liten bakoversveis ved syninga av diverse statistikkar i forhold til chatting o.l. Det er mange farer som luskar, og det er difor viktig at me som lærarar eg klar over dette, og at me kan gjere det me kan for å forebyggja. Grunna tid, har me berre fått eit lite innblikk i alt det som finst av digitale moglegheiter. Eg er likevel takksam for det me har fått lagt fram. Eg har i løpet av praksisperioden fått testa ut korleis eg fungerer i lærarrolla, og eg trur eg har eit brukbart grunnlag til å jobbe vidare med. Å vere meir tydeleg, og setje klarare grenser, er ting som eg og praksislærar meiner eg bør jobbe meir med. Heldigvis er dette det første året mitt:)

Elles ynskjer eg å takke for eit flott studieår; særskilt Birgit som har gjort sitt til at dette har blitt eit svært lærerikt år for meg! Ho har vore ein flott inspirator og ei rein inspirasjonskjelde, med hennar levande forelesningar og brennande engasjement for faget. Eg har no eit grunnlag til å uttale meg om kva pedagogikkfaget går ut på, og kva utfordringar ein kan kome til å møte.

fredag 18. april 2008

Oppsummering av året - skulefrukost på Børtveit skule

Siste pedagogikktime allereie?? Eg vert skremd av mine eigne ord! Dette året har gått kjempefort. Men kva er det dei seier; tida går fort i godt lag. Og godt lag, det har eg jammen hatt dette året!
I anledning klasse A1 ved allmennlærarutdanninga ved HSH sin siste time i pedagogikk, inviterte Birgit oss alle til skulefrukost på gamle, men framleis flotte, Børtveit skule i skulehagen. Organiseringa var genial, då me alle hadde med oss litt kvar, slik at det tilsaman vart ein god frukost med både rundstykke, brød, vafler og alt av pålegg og drikke. Det vart to fine timar ved frukostbordet, der me i same slengen fekk oppklart ulike tankar kring den avslutta eksamenen, og tankar kring pedagogikkfaget. Det å lage til ein slik skulefrukost, synest eg er ein fin måte å avslutte året på. Det set nervøsiteten i sjakk, og det er eit avbrekk frå den vanlege skulekvardagen. Slike ting set i alle fall eg stor pris på!

Det var fint å få sjå dei mange kjekke samansette tekstane til resten av klassen. Eg synest det var interessant å sjå korleis andre hadde løyst denne oppgåva, og her var det mange varierte og gode idear! Slikt kan ein ta med seg vidare..

Elles var eg inne på NRK-programmet Puls sine sider då eg kom heim. Her kikka eg litt på den korte snutten som omhandla dei stille borna. Eit fascinerande tema! Eg synest det er så synd at det er ofte er dei stille borna som blir ståande att som "taparane" når det gjeld læring i skulen. Som lærar er det fort gjort å gripe fatt i dei borna med utagerande åtferd, då det er desse som syner best i læringsarenaen. Dei utagerande borna er ofte dei elevane ein kallar for bråkebøtter, bajas, urokråke o.l. Svært negative ord på ungar, som i ein annan retning enn dei innagerande borna, har ulike former for atferdsproblem. Det som eg beit meg fast i, var noko som ei jente, som var eit tilfelle av dei stille borna då ho gjekk på barneskulen, sa. For henne, så var gruing for å gå på skulen, gruing for å snakke med andre elevar, og vonde kjensler, grunnen til at dette kom i fokuset hennar i staden for læring. Slikt synest eg er vondt å høyre. Difor er det så viktig at ein bruker og set av tid til slike elevar, og viser at ein ser dei like mykje som dei andre elevane. Tid er nok ein ressurs som ikkje den norske skulen i dag har så altfor mykje av. Tid er ein dyrebar men også svært viktig ressurs som kan utgjere forskjellar. Me må sjå dei stille borna!

Samansett tekst - den endelege versjonen

Ja, då var den samansette teksten endeleg i boks! Etter litt redigering og endring av diverse material, er både eg og Cecilie no nøgd med det ferdige resultatet.

Enjoy!


Refleksjonar etter 2. praksisperiode

Eg har ikkje så mange anleis refleksjonar kring denne perioden, som den siste praksisperioden me hadde. På lik linje, har begge desse periodane klart å kome med kvar sine utfordringar, og med det stilt meg spørsmål om det verkeleg er lærar eg ønskjer å utdanne meg til. Å vere ute i praksis er noko heilt anna enn å sitje på skulebenken. Det er ute i praksis ein veks, og det er då ein verkeleg må takle dei uforutsette utfordringane som kjem. Det kan vere greit å løyse ei utfordring i fellesskap med klassen på skulen, men er det verkeleg så lett? Nei, så definitivt ikkje. Det me nok alle fått erfart no gjennom dette året.

Målet mitt for praksisperioden i veke 46 og 47, var å få ei viss innsikt i, og å prøve ut, det å planleggje, gjennomføre og evaluere fleire undervisningstimar. Eg ynset dette var eit godt mål å setje seg, då dette var den første praksisprioden der me skulle undervise på eiga hand. Den første praksisperioden var berre observasjonspraksis, så då sat me berre på sidelinja å observerte. Det var no me verkeleg skulle få prøve ut korleis det er å stå foran klassen og leie dei gjennom ein time. Etter endt praksis kan eg no seie at eg tykkjer målet mitt vart nådd. Eg fekk i stor grad både innsikt i, og prøvd ut, denne delen av planleggingsarbeidet til ein lærar. I forhold til timetal, fekk me mindre timar i denne perioden enn i den siste perioden, då me berre hadde to veker praksis i veke 46 og 47. Eg fekk likevel prøvd meg i ein del timar, og eg fekk oppleve og erfare kor mykje planlegging som trengs til ein kvar time. Skal eg bruke så lang tid når eg er ferdig utdanna som eg brukte på å planlegge éin time, trur eg at eg må finne meg ein annan jobb:) effektiviseringa og rutinane kjem nok etter kvart. Pensumstoffet blir nok også kjent for ein år etter år, ein lagar seg effektive arbeidsmetodar o.l. Me må hugse på at me alle er nye i gamet, enn så lenge!

Sjølv eg har gått på kroppsøving i fjor, har eg ikkje noko erfaring med å stå foran ein klasse i eit klassrom. Eit klasserom og ein gymnastikksal er to heilt ulike læringsarenaer med vidt ulike eigenskapar. Planlegging og evaluering av ein time var noko som eg likevel hadde vore borti før, men det er undervisningsdelen som utgjer heile ulikeskapen. Kjekt var det likvel å få erfare kor ulik undervisninga kan bli i to ulike læringsarenaer!

Det som sit ekstra godt att frå denne praksisperioden, er planlegginga og gjennomføringa av undersøkingslandskapet vårt i matematikk. Dette var ei oppgåve me fekk frå høgskulen, som me skulle gjennomføre i løpet av praksisperioden. Dette var ei kjekk erfaring å ta med seg vidare, for det å lage eit undersøkingslandskap var utfordrande, men svært spanande og lærerikt. Dette merka me også på elevane at dei synest. Det var så kjekt å stille dei gode spørsmåla, for å få elevane til å tenkje seg godt om før dei svarte: korleis kan du komme fram til det, når du på førehand veit at... kan du finne det ut på ein annan måte? Korleis tenkte du nå? Undersøkingslandskapet vårt bestod av to delar, ein teoretisk og ein praktisk. Dette fungerte godt, for då fekke elevane prøve seg på to ulike måtar å undersøkje på, og me fekk erfare korleis dette fungerte.

Elles ser eg no i slutten av året at eg har blitt tryggare på meg sjølv som leiar i læringsarenaen. Eg ser stor forskjell mellom denne praksisperioden, og den siste me hadde no i vår. Eg har blitt flinkare til å gje meir av meg sjølv, og til å stola på meg sjølv. Eg har likevel eit stort utviklingspotensial, og det er nettopp som ein meir trygg og tydeleg leiar, praksislærar ville eg skulle jobbe med til den perioden me hadde i vår, og dei praksisperiodane som skal komme. Praksisvekene i veke 46 og 47 var spanande, og var mitt første møte med klassen som "mine underordna".

tirsdag 15. april 2008

Animasjon og bilethandsaming

Seint i haust hadde me ei økt som dreia seg om animasjon og bilethandsaming. Grunna min eigenskap som distré, har eg sjølvsagt ikkje fått denne økta inn i bloggen.. så den kjem no! Betre seint enn aldri...

Ei av oppgåvene me fekk inne på datalaben, var å lage ein plakat, der klipp-lim funksjonen skulle tas i bruk. Programmet me brukte var Adobe Photoshop; eit program eg har høyrt mykje om, men som eg ikkje har tatt meg råd til å kjøpa.. Det er ein grunn til det! :) Dette var ei lærerik oppgåve, der eg lærte meg mange gode og fancy funkjonar. Om denne kunnskapen sit like godt no som då, er eit anna spørsmål. Alt må vel vedlikehaldast! Plakaten som eg laga ser du til venstre.

Animasjon var kjekt! Også her brukte me eit program i tilknyning til Adobe. Då eg ikkje har noko erfaring med å lage animasjonar, synest eg dette var heilt topp. I seinare til har me også fått prøvd oss på å lage animasjonar i programmet Pivot. Eit litt enklare program å bruke, men absolutt holdbart til mitt bruk.

Dette var ei kjekk økt, og det er lett å sjå tilknyting til skulesamanheng. IKT er no ein av dei tre grunnleggjande kompetansane, og det er viktig for oss, når me kjem ut som unge og nyutdanna lærarar, å ha allsidig kunnskap om bruk av IKT. Der er mellom anna desse tema svært sentrale, i tillegg til mange andre viktige emne.

onsdag 9. april 2008

7/4-08 Rettleiing og vurdering

Det er ikkje tvil om at rettleiing er viktig; dette gjeld forøvrig på alle område. I skulesamanheng har me som studentar fått merke kor viktig, inspirerande og motiverande rettleiing kan vere. Då siktar eg sørskilt til rettleiing på til dømes matematikk-/pedagogikkoppgåva og den samansette teksten. Å få tilbakemeldingar, råd og tips på kva som var bra og kva ein kan jobbe vidare med, gjev nettopp motivasjon til vidare arbeid! Ein rettleiar skal vere ein inspirator for elevane eller studentane sine.

Eg likte godt definisjonen på kva ein rettleiar er, og kva oppgåver denne rolla inneber. Ein rettleiar skal vere inspirerande og utforskande saman med dei som vert rettleia, han skal stille dei gode spørsmåla, han skal gje råd og ha skal korrigera/visa den som vert rettleia i rett retning. Desse punkta syntest eg representerte godt det ein rettleiar skal vere.

Vurdering er eit ord som omfattar mykje, og vi kan vurdere på fleire nivå. Vurderinga er også lovfesta i opplæringslova og i forskrift til opplæringslova, og det vert også gjevne føringar for korleis vuderinga skal vere. Både læreplanen og dei lokale læreplanane skal seie noko om dette. Eg synest det er flott at vudering er sett så mykje fokus på, då dette betyr mykje for elevane. Det er alltid kjekt å vite kva karakter ein fekk på den siste prøven, eller korleis det seinaste prosjektet blir teke i mot. Det er også viktig at elevane fått eit korrekt bilete av sin eigen kompetanse. Det er tilfelle er elevene trur dei er dårlegare i eit fag enn det dei er, eller motsett. Det som også skal seiast denne samanheng, er at det er utruleg viktig at elevane sjølve får vere med på å vurdere eige arbeid; det er dette dei lærer av! Som Roar Engh seier:

Når elevene utvikler en bevissthet om læringsmål og får hjelp til å vite hva som bør gjøres for å nå målene, vil denne hjelpen nødvendigvis resultere i økt kompetanse.

Med andre ord seier Engh at om ein klarar å involvere elevane i vurderinga, kan ein auka elevane sitt læringsutbytte. Ingenting er vel betre enn det??

På same måte som tilpassa opplæring, krev også vurderinga tilpassing til den einskilde elev. Ein må finne elevene sitt potensial, leggja opp undervisniga etter det, og med det også vurdere eleven etter sine forutsetnader. Variasjon som stikkord er viktig, både når det gjeld arbeidsformer, vurderingsmetodar og undervisningsmetodar. Eg siterer Roar Engh att:

Grunntanken er at et mangfold av elevforutsetninger fordrer et mangfold av vuderingsformer.

I kor stor grad elevane har nådd måla, kan vi finne i kjenneteikna for måloppnåing i dei ulike faga. Her står det konkret kva som skil ein elev som meistrar mykje og som med det har ei høg måloppnåing, og ein elev som har ei låg måloppnåing. Desse kjenneteikna skil dermed kvaliteten på det som elevane meistrar. Då kan ein gå direkte inn å sjå kvar hen i landskapet dei einskilde elvane ligg i forhold til faget.
Ein rapport frå OECD seier mellom anna at forskning og utgreiingar kan dokumentere fråvær av systematisk vurdering som utgangspunkt for betring i den norske skulen, både på individ- og systemnivå. Norsk skule har eit høgt aktivitetsnivå, men manglar kultur og system for å framskaffe, bearbeide og følge opp resultat. Forskninga set seg spørjande ved om ikkje lærarane legg meir til rette for ei mengde varierte aktivitetar enn for læring. Hmmm.. dette høyrest jo ikkje bra ut. Er me i Noreg dårlegare til å leggje opp til ei systematisk vudering enn andre land? Og er det verkeleg slik at me set større fokus på aktiviteten enn på læringsutbyttet? Eg trur at det ofte kan vere slik. I ein stressa kvardag er det nok ikkje alle aktivitetar som er tenkt gjennom nøye nok. La meg ta eit døme. Om elevane i ein matematikktime skal bruke WS Excel for å ta i bruk IKT, må ein spørje seg: Kva lærer eigentleg elevane av dette? Er det verkeleg eit matematisk fokus i denne aktiviteten? Kva får elevane ut av utrekningane, då det er maskinen som gjer alt dette? Er det rett å leggje opp til eit matematisk fokus?

Den beste tilbakemeldinga, er den munnlege, og det er deå mykje ein må passe på. det viktigaste trur eg er ikkje å vere definitiv; seie at slik er det! Det å vere konkret og å kunna peika på konkrete ting, er viktig. Ros, der det er grunnlag for det, og ta opp ei og ei sak. Det er ein grunn for at også Sokrates meinte at den beste tilbakemeldinga skulle vere munnleg, og at han med det ikkje skriv ned alle dialogane han hadde med elevane sine: Det er mellom to personar den spontane og ivrige dioalogen kjem best fram, ikkje ved hjelp av eit gjenteke stykke papir.

torsdag 3. april 2008

31/03-08 Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er for meg eit av dei viktigaste omgrepa innanfor skulesamanheng. Ingen elevar er like, og berre det seier ikkje så altfor lite. I ei draumeverd skulle det i ein klasse ha vore så mange arbeidsplanar som talet på elevar - arbeidet skal tilpassast den einskilde! Men kvar ligg ressursane...? Andre tankar eg gjer meg er om ein lærar i det heile har moglegheit til å tilpassa arbeidet til 20/25 elevar kvar dag? Korleis kan dette vere mogleg i praksis, når me veit at alle elevar lærer på ulike måtar (ulike læringsstilar)?

Tilpassa opplæring er eit tema ein ikkje kan lesa seg til, frustrerande nok. Det finst ikkje noko fasit på korleis ein skal eller bør tilpassa arbeidet til den einskilde elev. Dette er noko ein lærar må lære seg på eiga hand, etter erfaring eller i samråd med andre. Det finst sjølvsagt mykje litteratur som er skrive om tilpassa opplæring, men i bunn og grunn er det den einskide lærar som må finne ut korleis ein sjølv vel å gjere det. Frå klasse til klasse kan det vere ulike metodar som vert sett i bruk.

Tilpassa opplæring vart lovfesta i 1998. Ikkje før? har eg tenkt.. men som Åshild påpeika i timen: sjølv om lova kom i 1998, tyder ikkje det at ikkje dette har vorte praktisert i lengre tid. Det at det no er ti år si denne lova kom, tyder i alle fall på at me er på rett veg. Tilpassa opplæring er ei plikt for skuleeigarar og personal til å gje ei god og forsvarleg opplæring ut i frå einskildeleven sine evner og forutsetnader. Det er her nøkkelomgrepa ligg! Eleven sine evner og forutsetnader.. Om ikkje arbeidet vert tilpassa, kva utbyte får då eleven av undervisninga/opplæringa? Ingenting. Me er her inne på at læraren, medelevar eller andre med meir utvida kunnskap, skal fungere som eit stillas (Bruner) for den aktuelle eleven; som skal støtte eleven og "push'e" han fram mot den neste høgda eller det neste nivået i hans eller hennar utviklingstårn. Den proksimale utvklingssona er også eit viktig omgrep frå teorien som passar inn i dette tema.

Det finst mange årsker til at elevar treng å få tilpassa opplæringa. Autisme, lese- og skrivevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, dyskalkuli (matematikkvanskar), MBD, ulike former for utviklingshemming og syns- og hørselvanskar, er døme på problemområde.

Tilpassa opplæring er eit av dei områda eg på ein annan måte synest er vanskeleg å forhalde meg til. Det å ikkje ha ein fasit på korleis ting skal organiserast eller planleggast, er utfordrande. Det er opp til deg sjølv kva du synest er best i den aktuelle situasjonen. Det seier også difor mykje om kor vitig planlegginga av undervisninga er. Her må ein verkeleg bruke hovudet!

Eg vel å avslutte med sitatet frå Johan Amos Comenius: Alle kan lære alt.

Seinare revidering:
Når det gjeld erfaringar om TPO knytt til praksis, fekk eg jo oppleve og erfare litt på dette område sjølv. Det å plutseleg måtte ha eit tilleggsansvar for to elevar, som til vanleg har timar saman med eigen assistent, var svært utfordrande. Desse to elevane krevde sitt, men det gjorde også dei tjue resterande elevane i klassen. Dei to gongene dette skjedde, takla eg det på ulike måtar, og heldigvis viste klassen forståing for at eg var nøydd til å tak i dei to elevane og gje dei mi merksemd, den eine gongen eg valte dette. I slike tilfelle blir med eitt yrkesetikken dradd inn i biletet, og ein må då stille seg det store spørsmålet: skal ein omsyn til den eine eller fleirtalet? Konklusjonen på dette spørsmålet hadde nok blitt eit heilt anna om dette hadde vore tilfellet gjennom heile praksisperioden, eller gjennom eit heilt år. Då kunne eit slikt val fått store konsekvensar, anten for klassen eller for dei to elevane. Den andre gongen valte eg derimot fleirtalet si nytte av timen, og lot dei to elevane få sitte på pultane sine å halde på med sitt (teikne, skrive forteljing o.l.). Dette blir slike "nødløysingar" som eg trur titt og ofte kan forkomme i skulekvardagen. På lang sikt trur eg ikkje dette gjer så mykje, berre det ikkje skjer for ofte.

Elles opplevde eg ikkje så mange andre erfaringar i forhold til TPO. Då desse to elevane til vanleg hadde assistent, vart det med det ein mindre "utfordring" for oss.

Gunn Imsen har laga ein modell som eg synest var god. Modellen er ikkje eit endeleg svar på korleis skulen skal tilpasse seg kvar einskild elev sine forutsetningar, men står heller for ein måte å tenkje på når ein skal tilretteleggje undervisninga. Denne modellen står for elevsida ved tilpassa opplæring, og ikkje undervisningssida. Undervisningssida vert eit anna tema att. Modellen er inspirert av mellom anna kulturteori, Gardner, motivasjonsteori og kognitiv læringsteori, og kan setjast opp i åtte punkt:
  • Kulturell forankring
  • Kognitive evner
  • Fagleg kunnskapsnivå
  • Motivasjon og interesse
  • Fysiske forutsetnader
  • Sjølvinnsikt
  • Sosial utvikling
  • Kunstneriske evner
Modellen viser med det litt av alle dei aspekta som finst ved tilpassa opplæring. Dette er utfordrande, men samstundes trur eg det er viktig ikkje å setje seg for store mål som ikkje kan oppnås. Ein må finne ei realistisk løysing på problemet!

Dette seier også Gunn Imsen noko om: Ein må ikkje setje seg uoppnålege mål, men heller ikkje legge lista for lågt, og å definere TPO for snevert. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i elevane sin forkunnskap, eller berre i einskilde intelligenstrekk, når ein skal tilpassa opplæringa. Som modellen over tilseier, er det mange faktorar som bør ligge til grunn for ein måte å tenkje på i forhold til TPO. Utfordrande, men også veldig spanande!