mandag 10. september 2007

10/9-07 Refleksjon

Timane i dag handla om observasjon, og då det berre er ei veke att til me skal ut på ulike skular å ha observasjonspraksis, bar timane preg av dette. Desse timane var ein introduksjon til det arbeidet me skal gjere neste veke, nemleg det å observere. Eg vil tru dette arbeidet blir interessant, men at det også vil kreve ein del konsentrasjon hjå oss. Dagen i dag har vore lærerik. Eg fekk mellom anna avklart kva observasjon og definisjonen til observasjon eigentleg er, i høve til det å tolke ein situasjon,handling, gruppe eller ein person. Me fekk også eit innblikk i korleis ein kan drive med observasjon. Skrive loggbok, drive med feltanalyse, praksisforteljing og intevju er nokre av metodane ein kan ta i bruk. Det var interssant då me fekk utfordringen å finne oss ein person som me skulle observere i ein halvtime. Det krevde litt av ein! Om eg såg at personen var glad, kunne eg ikkje skrive det for det er å tolke. Eg måtte finne ut; kva er det som gjer at eg får dette inntrykket? Jo, til dømes smilet og augene. Det var også litt vanskeleg å velje fokus; kva skal eg fokusere på? Handlingane, utsjånaden eller samtalen? Eg vil nok tru me kjem meir inn i dette når me for alvor skal observere neste veke. Eg ante ikkje at det å drive med observasjon er ein såpass viktig metode i det arbeidet ein gjer med å tileigne seg den informasjonen me treng, anten det er av grupper, personar eller situasjonar. Observasjon kan seie ein ganske mykje, men det er også viktig å ha i bakhovudet at ein ikkje må ta for raske slutnadar. Ein må vite at det går an å feiltolke og at ein ikkje alltid har alle fakta på bordet.

onsdag 5. september 2007

5/9-07 Refleksjon

Ja, då var endå nokre timar vel gjennomgått. Berre etter å ha hatt nokre timar med dette faget skjønar eg meir og meir kva nytte det ber med seg, og kvifor det er eit såpass viktig fag å ha med seg. Pedagogikk er eit spanande fag som eg til kvar førelesning gledar meg til å arbeide med.
I dag handla førelesninga om læraren sitt mandat og dei mange oppgåvene som følgjer med yrket. Også dette var ei interessant førelesning; eg fekk verkeleg tenkt litt igjennom kva yrke og rolle (r) det eigentleg er eg går inn i. Skummelt! Ein lærar skal vere ein oppdragar, ein omsorgsperson (og ein signifikant vaksen), planleggjar og undervisar, for å nemne noko. I tillegg skal ein ha evne til å drive med refleksjon, rettleiing, samarbeid, utviklingsarbeid, administrasjon osv. Det er mange yrker i eitt og same yrke det! Eg vart særleg oppteken i emnet som omhandla omsorg for elevane. Korleis skal eg til dømes klare å observere at ein elev er utsett for omsorgssvikt? Eller, korleis skal eg forholde meg til foreldra i denne situasjonen? Skal eg ta opp situasjonen åleine eller med andre til stades? Då eg sat i timen, vart det laga mange tankar: korleis i alle dagar skal eg klare dette, om kanskje allereie om tre år?? Korleis skal eg klare, og ikkje minst det å kome på, å tenkje på den måten som er særskild for alle desse oppgåvene? Korleis, og kvifor, og alt i saman? Eg må vere ærleg og seie at eg ikkje kjente meg så høg i hatten der eg sat, og eg kjente at frustrasjonen kom innover sinnet mitt. Likevel slo det meg ein tanke: eg har berre gått på skule i knappe fem veker, så eg kan vel rekne med at det fell brikker på plass etter kvart som månadane og åra går - forhåpentlegvis! Det er eit komplisert og utfordrande yrket eg utdannar meg i, og eg må difor prøve å få med meg og lære meg så mykje som råd er.

Siste revidering:
Det som eg elles trur vil vere utfordringa for meg, er planleggings- og førebuingsbiten. Eg er ei jente som helst skal gjere alt svært nøysommeleg og alt til punkt og prikke. Perfeksjonist er nok det rette ordet! Eg trur nok eg må jobbe meg inn gode rutinar, slik at eg ikkje slit meg ut på den eine KRL-timen eg skal ha på måndagen. Det å lage seg rutinar på planlegging og undervisning, er viktig. Då kan ein nok få effektivisert arbeidet betrakteleg.

Eg vart verkeleg fascinert av GREP; den fantastiske hjelpa som er å finne på nett for enklare å bruke den nye læreplanen, LK06. Reklamen verka på meg slik som den skulle:) Eg syntest dette verkar som eit godt tilbod til lærarar, både nyutdanna og uerfarne lærarar, men også erfarne lærarar som skal setje seg inn i ein ny læreplan. LK06 kan for mange oppfattast som ein større utfordring enn det L97 var, med tanke på at kvar skule må legge opp til sine eigne tolkningar av planen. Arbeidsmåtar som skal finnast og fagstoff som skal fordelast innanfor kvar av klassane i 1-4 årssteg, 5-7 årssteg og 8-10 årssteg, er nokre av desse utfordringane.
Spanande vert det i alle fall!

Etter at me hadde snakka om Opplæringslova som lærarar sitt styringsdokument, læreplanen og planleggingsarbeidet vart me, i ein tenkt situasjon, utfordra til å planleggje ein time som skulle ha temaet "Livet ved dei store elvane", altså Eufrat, Tigris og Nilen. Dette var ikkje lett! Sjølv om eg forstod det som vart fortalt for berre nokre minutt sidan, fekk eg problem med å tenke kva eg skulle gjort om dette hadde vore ein skikkeleg situasjon. Som det kanskje går an å lese seg til, vart altså desse timane fylt med litt frustrasjon, men samstundes er det nok bra å få grubla litt på saker og ting.

Kjekt var det i alle fall å få tips om fagleg pedagogiske sider på nettet, der elevenane kan få utforske eit fag eller eit særskild tema på eiga hand. Eg likte særskild nettsidene http://www.matematikk.org/ og Kasparia frå Gyldendal. Når eg går ut i læraryrket ser eg for meg at eg vil bruke slike og liknande fagsider på nettet i undervisninga mi. På denne måten blir det variasjon i undervisninga og ikkje minst ein motivasjonsfaktor for elevane.

På eiga hand har eg kikka igjennom heftet "Rettar og pliktar i den offentlege grunnskulen"; eit hefte eg likte godt. Heftet tek, som namnet seier, utgangspunktet i dei rettane elevar har og kva dei pliktar å gjere. Rettane og pliktane går også i motsett retning, der skulen har pliktar i forhold til elevar og foreldre. Hefter byrjar med dei mest sentrale rettane born og unge har, til dømes at alle born og unge har rett til opplæring i 13 år, og at alle barn skal ha 10 års grunnskule. Vidare står det til dømes at elevane skal ha medverknad, få tilpassa opplæring og eit godt og trygt lærings- og oppvekstmiljø. Heftet er strukturet og lett å finne fram i. Det er delt inn i ulike seksjonar, der det til dømes står om skulen sine oppgåver, skulen sitt ansvar og rettane til visse elevgrupper . For kvar seksjon kjem eit nytt avsnitt der det blir forklart nærare kva desse oppgåvene, pliktene eller rettane eigentleg tyder.

Oppsummert kan eg seie at eg stadig lærer noko nytt i dette faget, og det er vel også det som er meininga. Eg trur at det kjem til å vere slik at ein ofte forstår kva som er sagt i førelesninga/teorien, men som ikkje alltid er like lett å overføre i praksis. Det vil eg nok få erfare etter kvart.