mandag 10. september 2007
10/9-07 Refleksjon
Timane i dag handla om observasjon, og då det berre er ei veke att til me skal ut på ulike skular å ha observasjonspraksis, bar timane preg av dette. Desse timane var ein introduksjon til det arbeidet me skal gjere neste veke, nemleg det å observere. Eg vil tru dette arbeidet blir interessant, men at det også vil kreve ein del konsentrasjon hjå oss. Dagen i dag har vore lærerik. Eg fekk mellom anna avklart kva observasjon og definisjonen til observasjon eigentleg er, i høve til det å tolke ein situasjon,handling, gruppe eller ein person. Me fekk også eit innblikk i korleis ein kan drive med observasjon. Skrive loggbok, drive med feltanalyse, praksisforteljing og intevju er nokre av metodane ein kan ta i bruk. Det var interssant då me fekk utfordringen å finne oss ein person som me skulle observere i ein halvtime. Det krevde litt av ein! Om eg såg at personen var glad, kunne eg ikkje skrive det for det er å tolke. Eg måtte finne ut; kva er det som gjer at eg får dette inntrykket? Jo, til dømes smilet og augene. Det var også litt vanskeleg å velje fokus; kva skal eg fokusere på? Handlingane, utsjånaden eller samtalen? Eg vil nok tru me kjem meir inn i dette når me for alvor skal observere neste veke. Eg ante ikkje at det å drive med observasjon er ein såpass viktig metode i det arbeidet ein gjer med å tileigne seg den informasjonen me treng, anten det er av grupper, personar eller situasjonar. Observasjon kan seie ein ganske mykje, men det er også viktig å ha i bakhovudet at ein ikkje må ta for raske slutnadar. Ein må vite at det går an å feiltolke og at ein ikkje alltid har alle fakta på bordet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Du hadde eit viktig poeng med der heilt til slutt, Malin. Observasjonar kan lett feiltolkast, og det er alltid viktig å ta omsyn til ev. feilkilder i observasjonsarbeidet. No har du jo vore på Skåredalen og fått prøva deg som loggførar, og eg er litt spent på kva du har funne ut. Korleis er born og skulen? Kva lærte du av å skriva desse loggane?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar