
Når det gjeld diamanten , eller den didaktiske relasjonsmodellen, så var eg også med dette skjemaet/modellen godt kjend frå før. I fjor la eg merkje til at det til tider kunne vere vanskeleg og utfordrande å planleggje etter alle fakorane i modellen. Det at dei ulike faktorane har ein usynleg tråd som bind seg fast i kvarandre, som gjer at når den eine faktoren drar i den andre, drar den andre faktoren i den tredje osv., fekk eg merke gong etter gong. Det er som allereie kjend kjekt å få prøve ut det som ein i teorien lærer. Det kan verke så enkelt å følgje eit skjema når ein sit i forelesningssalen, men det kan absolutt verte ei utfordring i det verkelege livet. Og nei, sjølv om ikkje lærarar absolutt slavisk følgjer eit slikt skjema, er det jammen meg lurt å lære kvifor me lærar å bruke eit slikt skjema: me skal nemlig lære oss å tenkje pedagogisk: Kva gjer me i denne timen, kvifor gjer med dette, og korleis skal me gjere det? Og etter endt undervisning kjem evalueringa: kva gjekk bra og kva kan eg gjere betre? Kva fungerte ikkje og kvifor?
Seinare revidering:
Diamanten er delt inn i seks kategoriar (sjå bilete), som alle representerer viktige faktorar å hugse på i planleggingsfasen. Modellen er lett forståeleg og anvendeleg, slik at den kan brukast av både uerfarne lærarstudentar og erfarne lærarar. Orda som er brukt er også greie å forstå, og med det kan ein lett klare å internalisere seg den didaktiske tenkinga som er innebygd i modellen (Lyngsnes & Rismark 2007:77). Diamanten viser planlegginga og vurderingane av ein time som ein heilskap, der det ikkje er nokon av faktorane som kjem først (som i eit hierarki). Det som er viktig å tenkje på, er at faktorane heller ikkje er isolert frå kvarandre. Endring i ein faktor, fører til endring i ein annan faktor. Ein må heller ikkje knyte seg for mykje opp til ein slik modell. Lyngsnes & Rismark meiner at ein god lærar mellom anna vert kjenneteikna ved at han eller ho kan justere ein planlagd time, om det skjer uforutsette ting. Eg kunne ikkje vore meir einig. Den didaktiske relasjonsmodellen er berre ein modell, eit godt verkty, ikkje ei tvangstrøye.
Kvifor skal me planleggje time for time, dag for dag, veke for veke? For meg kjennset det nesten dumt å svare på eit slikt spørsmål, for eg meiner at saka er klar: utan nokon som helst form for systematisk planlegging, vil ulike sider ved arbeidet berre verte ivaretatt ved hjelp av tilfeldigheiter. Utan planlegging har ein mest sannsynleg ikkje tenkt gjennom kvifor ein gjer som ein gjer, og kva er då vitsen? Ein uforberedt lærar har på lang sikt (unntak skjer sjølvsagt) ikkje noko å gjere i læringsarenaen, for han eller ho vil mest sannsynleg ikkje vite kva han eller ho skal lære frå seg likevel. Det er for elevane me er der, og difor må me også stille opp, forberedt på alle måtar, slik dei har krav på.
Når det gjeld dei 10 tesene for god undervisning som me gjekk gjennom, såg dei slik ut:
- Tydelig struktur på undervisninga og læreprosessen
- Effektiv nytting av læretida
- Samanheng mellom mål, innhald og metodeval
- Mangfold av metodar og organiseringsformer
- Innøving av dugleikar, mentalt og fysisk
- Læraren si indviduelle støtte til den einskilde elev
- Eit undervisningsklima som fremmer læring
- Meiningsskapande språk i undervisninga
- Tilbakemelding frå elevene kring læreprosessen si form og innhald
- Avklaring av krav og vurderingskriterier til eleven sine prestasjonar
KAMPVISE er også ein viktig pilar i undervisninga. Konkretisering av innhaldet, aktivisering av alle elevane, motivasjon, naturleg progresjon i undervisning, variasjon i innhald, metodar og måtar, individualisering, sosialisering/samarbeid og evaluering av timen seier mykje om kva ein lærar må tenkje gjennom før ein kan gå i gong med undervisninga.
Det var svært lærerikt å få dette repetert, særskild før me nå skulle ut i praksis. Dette er nødvendigvis det vikigaste å ha i bakhovudet når det gjeld læraren si undervisningsplanlegging.
3 kommentarer:
Hei
Eg synes du har gode refleksjonar
rundt det didaktiske arbeidet.
Du er heldig som har vært borti diamanten før,for det skjemaet var litt vrient.Lykke til med videre praksis!
Heidi
Takk for det, og lykke te vidare du og! ;)
Fint om du kom eit steg vidare sjølv om det vart mest repetisjon for deg!
Legg inn en kommentar