Då var me byrja på han att, og dagen i dag vart ein god start på den nye halvåret som ligg føre oss. Temaet me skal jobbe med i nokre veker nå, heiter born og nye medier. For meg er dette eit svært interessant tema, og ikkje minst eit svært aktuelt tema i den tida me lever i no. Eg vart derimot overraska over dei ulike statistikkane som vart vist oss; eg hadde ikkje trudd at tala var slik som dei framstod. Chatting, mobilbruk og biletebruk døme på såkalla nye underholdingstilbod som er viktige for barn og unge i dag, og det er svært mange ungdommar som lagar sine eigne profilar på nettet for å bli kjende med nye folk. Det er nok mange born som ikkje veit kva dei gjer når dei lastar opp sin eigen profil på internett, eller som er aktive i eit chatterom. Dette fekk me derimot prova då me ei jente i paralellklassen hadde kalla seg for "j14" i SolChat. Etter berre eit par minutt var det ikkje mindre enn ti femten henvendingar på skjermen, utan at "j14" hadde teke kontakt sjølv. Dette prøvde eg sjølv ut, og kalla meg "j16". Heilt utruleg! Eg logga meg inn i eit vanleg chatterom, og fekk både meldingar frå "guttepusen" som spurde om eg ville kose, og andre sexfikserte spørsmål. "Trøndergutten" spurte om eg ville treffe han i helga, sidan eg heilt sikkert ikkje var på skulen då. Dette er skremmande tendensar, og difor er det viktig ikkje å tru at alt er så uskyldig som det i byrjinga kan verke som. Destod meir viktig er det for oss vaksne å ta tak i desse emna, og lære born korleis dei på best mogleg måte kan bruke internett sine ressursar. Det å finne trygge nettsider og gå i saman med born, både på heimefronten og i skulesamanheng, å lære dei såkalla nettvettreglar, er ei oppgåva som eg meiner me som vaksne må ta ansvar for. Det å legge ut personalia om seg sjølv kan vere ganske skummelt, og som me har høyrd gong på gong kan det som verst føre til mobbing, valdtekt og sextrakkasering.
Eg fekk mykje ut av desse timane, og det var mange kjekke lenkjer som eg har vore inne å kikka på. Eg likte særleg godt sida til SAFT, http://www.saftonline.no/SkolenogSAFT/, og Du bestemmer, http://www.dubestemmer.no . Her kan både born og vaksne finne mykje nyttig informasjon og nettbruk, mobilvett og liknande.
Elles vart det også sett fokus på Åndsverkslova og med det plagiering. Plagiering var eit ord som var nytt for meg, men eg visste kva det ville seie når eg vart fortalt det. Det som ofte viser seg, et at det mange som ikkje veit at det er ulovleg å laste ned bilete frå til dømes Google, utan å ha fått tillating frå den som har opphavsretten. Dette har eg også i stor grad gjort sjølv, men eg håpar for min eigen del at eg blir meir fokusert på dette etter kvart. Det tar seg ikkje ut å gjere noko som ein seier til born ikkje er lov. Det er ikkje alltid det ein seier som blir fulgt, men derimot det ein gjer. Difor kan det vere lurt å ha ein biletbank som ein kan gje elevane lov til å ta bilete frå, anten det er lærarane sjølv som har laga han, eller at ein har fått lov å bruka biletene frå andre.
Web 2.0 er noko eg ikkje har høyrt om før, men som verka spanande. Eg trur nok eg treng litt tid på å setje meg inn i kva dette inneber. Det er uansett kjekt at me får vite om slike sider som dette, som me kan gå inn på å utforske på eiga hand. Det kan fort verte litt kaotisk oppe i toppen når alt nytt skal visast på ein gong.. Tid er mykje verdt!
mandag 7. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Det er i ganske skummel verd ute på nettet om me slepper barna ut på eigahand. Eg trur nok mange er verdig ubevisste på kor mange farer som lurer. Det er godt å sjå kor mange organisasjonar som arbeider for barnas tryggleik, og det er godt at skulen tek tak i dette synes eg:-)
Hei, Malin...
Du har nok misforstått omgrepet web 2.0 noko, men om du går inn på lenkjene, skjønar du nok litt meir kva det går i. Enkelt fortalt, seier det noko om at bruken av Internett har forandra seg mykje sidan oppstarten på 90-talet, og at trenden har endra seg. Du kan klikka på bilete i powerpointen og sjå nærare på kva det går ut på...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar