Eg har alltid hatt problem med å vite kva eg ville bli når eg vart stor. Alle venninnene mine på grunnskulen hadde planen klar frå dag éin; sjukepleiar, frisør og dyrlege - her fanst inga tvil! Og ja, det er desse yrka dei har utdanna seg i den dag i dag. Heldigvis trur eg ikkje er er åleine om dette problemet, sjølv om det av og til kan verke slik. Eg har tenkt og tenkt, og sjølv om det er mange yrker som eg trudde eg kanskje kom til å like meg i, var det liksom ikkje noko som sa: Ja, der har me det! Åra gjekk, og plutseleg (ja, for det verka slik) kom det året der eg på alvor måtte ta eit val: Kva skal eg gjere etter vidaregåande?? Eg var motivert til å fortsetje på skulebenken, det var ikkje her problemet låg. Eg visste heller ikkje kva eg gjekk til når eg fekk svar frå Samordna Opptak at eg var komen inn på årseining kroppsøving/grunnfag idrett på Høgskulen Stord/Haugesund. Eg tenkte med meg sjølv at dette skulle verte eit aktivt og kjekt år (noko som det absolutt var), men hadde inga aning om at studiet var lærarrelatert. Det skulle derimot vise seg at det var i dette året nøkkelen til utdanninga mi låg...
Nok novelleprega forteljarstil...
Det var altså, som du sikkert har forstått, i fjor det endeleg gjekk opp eit lys for meg, og då eg endeleg fann ut at det var lærar eg kunne tenke meg å bli. Eg trur kanskje det kan ha ein samanheng meg at eg alltid har likt skulearbeid, og at eg likar å ha orden og system rundt meg. Men eg trur ikkje det var desse to faktorane som tydde mest. Eg har alltid likt å vere med folk, og å møte nye identitetar, vaksne som ungar. Det å få kunne vere med å ta del i born si utvikling, både på det sosiale, kognitive og fysiske stadiet, er det som fristar meg. Dette fekk eg smaken på då eg var ute i praksis i kroppsøving i fjor. Ikkje minst verkar det spanande og utfordrande å vite at ein er delansvarleg for kva eit born lærer seg. Eg har lyst å få sjå glede og iver hjå eit born som brenn etter å få teke fatt på skulearbeid og nye oppgåver, men også å vere ei hjelpande hand for dei som slit med skulearbeid, og som ikkje ser ljoset i enden av tunnelen.
Det er likevel vanskeleg å setje fingeren på den absolutt særskilde faktoren som gjer sitt til at eg har valt denne utdanninga. Likevel kan eg vel trygt seie at små og store utfordringar, interessante kvardagar og samhandling med born og voksne er stikkord som er relevante for mitt val.
Elles bur eg i Skjold, som ligg tre kvarter søraust for Stord. Den korte vegen og ein grei skule har gjort sitt til at eg ynskjer å fortsetje tre år til her på Stord. Vonar me får nokre kjekke og lærerike år saman! :)
tirsdag 21. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Eg trur eg kort og godt vil seia at du har valt nokre svært relevante stikkord i di begrunning for å ynskja å bli lærar! Stå på, Malin!
Birgit :-)
Heisann Malin!
Forfattar, har du nokon gong tenkt på det? Du skriv på ein fangande måte, og det fører til at dersom ein har byrja og lesa, så klarar ein ikkje å slutta! Kjempetopp!
Trur nok du klarar og komma deg gjennom studiet med glans! Og som lærar kjem du til å bli topp! Lykke til!
Flott reflektert Malin! Det er ganske vanskeleg å begrunna på ein setning på kvifor ein vil bli lærar, derfor bra at du set det opp i stikkord til slutt av teksten! eg e faan av stikkord...;)
Hei !
Tusen takk for kommentar. Eg synes du er kjempeflink som har kome i gang så tidleg med utdanninga di. Du ser kor mange år eg har venta...
Trur dette skal bli knallkjekt.
God helg!
Gerd Elin:-)
Legg inn en kommentar