mandag 20. august 2007

20/8-07 Refleksjon

I dag hadde me dei tredje og fjerde timane i pedagogikk, og på lik linje med dei to første timane me hadde i førre veke, var også desse timane med på å gje ei form for introduksjon til faget. Eg fekk innblikk i nokre få nye og ukjende faguttrykk og ord, kva meining som låg i dei og kva dei eigentleg betydde. Omgrepet pedagogisk psykologi er eit ord eg ikkje har vore borti før, men etter denne timen må eg seie at eg vart om ikkje mykje, men litt klokare.
Eg fekk ei kjensle av at desse timane var ein form for tankevekkarar; at kvar einskild skulle få tankeverksemda i gong, og tenke litt over deira eigne synspunkt i forhold til ulike emne. I alle fall har eg gjort det.
Eg har gleda med til å ta fatt på dette faget, for eg har alltid lurt på kva faget eigentleg inneber, korleis det er lagt opp og kva eg eigentleg vil få ut av det. Og ikkje minst korleis, om og når eg vil forstå det. Eg trur også at dette er eit fag som til tider (eller kanskje ofte??) kan vere eit utfordrande og vanskeleg fag - på mange måtar. Eg trur pedagogikken som fag kjem til å verte interessant, og det blir spanande å sjå korleis både arbeidet og tankeverksemda mi kjem til å utvikle seg.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Når det gjeld pedagogikkfaget, så reknar vi det som eit såkalle modningsfag, dvs. at det gjerne tek litt tid før ein får tak i "the big picture" for å seia det slik. Det er og mange tidligare studentar som har sagt at dei tykkjer det er frustrerande at vi ikkje har fasitløysingar, eller at det fins så mange "sanningar" å forhalda seg til, at det ikkje er mogleg å gje "oppskrift" på korleis ting skal løysast. Vonaleg kjem du til å finna ut av det i løpet av året, så her er det berre å gi seg sjølv god tid, og vera flink til å merkja seg det som er "lurt"...

Birgit :-)