Då var bloggen oppretta! Dette er det første innlegget i bloggen min, og eg håpar på å få personalisert han ein av dei førstkomande dagane...
Eg heiter Malin, er 20 år og kjem frå Isvik i Skjold. Eg bur for tida på Knapphus i Øvre Vats med kjærasten min Svein Magne, som eg skal gifte meg med i juni neste år. Eg har to sysken, ein bror som er tre år eldre enn meg og ei syster som er to år yngre enn meg. Av interessene mine så er eg glad i å synge og spele, lage mat, gå turar (anten åleine eller med hunden min Tinker:)) og å fotografere. Eg fotograferar så snart det byr seg ein sjangs! Elles har eg tre år med allmennfag på Ølen Vidaregåande Skule og eit år med kroppsøving årseining her på HSH bak meg, der det sistnemnde året absolutt kan anbefalast på det sterkaste! :) No går eg jo her på allmennlærarutdanninga på Stord, så planane er i alle fall lagde for tre år fram i tid. Etter desse tre åra er planane anten å gå ut i jobb eller å gå vidare på spes.ped. eller eit anna grunnfag/fordjupningsfag.
Elles jobbar eg som deltidstilsett på Kiwi Isvik i Skjold, og her trivs eg. Har jobba i butikk i sju år snart, så eg byrjar å kjenne til dette arbeidet etter kvart.
Håpar på å få nokre kjekke år til her på Stord, og at me i klassen blir godt kjende med kvarandre og får eit kjekt miljø!
mandag 20. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Hei, Malin...
Du har ikkje fått nokre kommentarar frå dei andre studentane enno, og det skuldast nok at det vart litt mange http:// i adressa til bloggen din. Det har eg no retta på. Vonar du vil trivast med arbeidsforma, og ser at du allereie har gripe fatt i utfordringa eg gav dykk i lærarbloggen. Flotte greier! Stå på vidare!
Birgit :-)
Hei, fin blogg, gratulere som nygift i sommer!
Geir M
Hei flott blogg.Ja du er godt i gang med blogginga ser eg.Takk for god hjelp i går.Dette skal nok bli ei kjekk tid.Lykke til.
Legg inn en kommentar