
som tema for undervisninga i pedagogikkfaget. Eg har samla sett fått mange gode og ikkje minst nye erfaringar og opplevingar ved å jobbe med dette. Det å samle mange ulike faktorar som handlar om det same temaet, synest eg har vore ein god idé. Born og nye medier er eit viktig tema, som alle bør ha ein viss innsikt i; både for vår eigen og born si skyld. I løpet av desse vekene har me jobba med ulike underkategoriar av dette temaet som mellom anna har omhandla:
- Å produsere ein digital samansett tekst
- Innføring i sikker nettbruk (nettvett)
- Analyse av ein norskfagleg nettstad
- Analyse av barnebøker (fagbok og biletbok)
- Opplæring i bruk av ulike digitale verkty
- Vore ute i to punktpraksisar

No har eg snakka litt om dei positive erfaringane eg har tileigna meg gjennom desse vekene. Det eg er mindre nøgd med, er den første punktprakisen på Skåredalen Skole. Grunna dårleg kommunikasjon mellom Skåredalen og høgskulen, var ikkje utfallet slikt det eigentleg var planlagd. Det vart mykje rot og usikkerthet både blant studentane og praksislærarane. Ein annan ting i forhold til dette, er spørsmålet om det i det heile var nødvendig å bruke ein heil dag til dette utanom praksis? Kvifor ikkje leggje denne dagen til den komande praksisperioden, og ta "to fluer i en smekk"? Om eg snakkar for meg og mi praksisgruppe, fekk ikkje me noko ut av dette, mykje grunna at me hadde jobba ein del med data i den første praksisperioden. Det vart ikkje vist oss noko meir enn det me allereie hadde sitt frå før, så for oss var denne dagen bortkasta. Men men.
Seinare revidering:
Den andre punktpraksisen var eg med og planla, men grunna sjukdom, så kunne eg ikkje vere til stades den dagen me skulle gjennomføre opplegget. Praksisgruppa fann fort ut at me hadde lyst til å lage eit variert arbeidshefte i IKT, som skulle brukast i dei tre timane me hadde til disposisjon. Då klassen vår holdt på med Svartedauen som tema, fann me ut av me kunne kople nokre av oppgåvene i IKT opp mot dette. Ressurssidene me ville bruke var følgjande: Saft, Kvasir, Google, Redd Barna, Du bestemmer, Gule sider og Wikipedia. Me delte oppgåveheftet opp i tre delar:
Del 1:
Inneheld oppgåver knytt til samfunnsfag og emnet svartedauen. Bruk internett og ressurssida til å svare på spørsmåla.
Oppg. 1) Kva tid kom svartedauen, i følgje Wikipedia, og nokre norske historikarar til Noreg for første gong?
Oppg. 2) Kan ein vera heilt sikker på at dette stemmer?
Oppg. 3) I følgje samfunnsfagboka di; kva tid kom pesten til Noreg?
Oppg. 4) Kven var, i følgje segnet, Jostedalsrypa?
Oppg. 5) Kor mange omkom ca av pesten i Noreg? Kan ein finne fleire tal på ulike sider?
Del 2:
Inneheld oppgåver knytt til nettvett og fornuftig bruk av internett.
Oppg. 1) Gå inn på Redd barna, og finn nettvettsreglane. Har du eigne forslag til reglar?
Oppg. 2) Gå inn på SAFT, og ta quizen, www.saftonlie.no/static/edu/eduno/saft-quiz_nor.htm
Oppg. 3) Kva er SAFT ein forkorting for, og kva arbeider dei med?
Oppg. 4) Lag og skriv ut ein plakat på ei A4 side i Open Offica, med nettvettsreglane. Ta med eigne forslag til reglar.
Oppg. 5) Sjekk ut www.nettreisen.no, og videre til ”Test Reise” - løys oppgåva der.
Del 3:
Inneheld oppgåver knytt til det å finne informasjon på nettet.
Oppg. 1) Finn åpningstidene, telefonnummer og adresse til Karmsund folkemuseum
Oppg. 2) Kva tid vart Wikipedia starta, og kven er det som skriv artiklane
Oppg. 3) Søk på namnet ditt på Google.com, og finn ut kor mange treff du får
Oppg. 4) Gå inn på Gule sider, og søk på namnet ditt for å sjå om du er registrert
Oppg. 5) Klarar du å finne skuleruta for Skåredalen skole, og kva tid haustferien for skuleåret 2008/2009 er?
Me vart godt nøgde med dette abeidshetfet, og som eg har høyrt frå dei andre på praksisgruppa, så var dette noko som fall i smak hjå dei aller fleste elevane. Det som me kunne ha endra på til neste gong, var nok all informasjonen som skulle lesast. Nokre elevar synest det vart veldig mykje å lesa, og praksislærar var visst einig. Men det er slik me lærer av! Det viktigaste er at elevane lærte noko av å jobbe med dette heftet; det hadde visst overraska mange at det ein fann på internett, ikkje alltid var den fulle og heile sanninga. Alt i alt så trur eg denne punktpraksisen gjekk bra. I forhold til den første punktpraksisen, så ser eg og tykkjer eg at denne var mykje meir relevant og lærerik for oss som studentar. Eg, for min eigen del, fekk mykje meir utbyte av (planlegginga av) denne, enn den førre.
No har eg kome med mykje ros og litt ris. Uansett har desse vekene vore utruleg lærerike, det kan eg ikkje seie for mange gonger. Det er eit opplegg skulen absolutt kan byggje vidare på! Sjå elles dei einskilde innlegga..
3 kommentarer:
Eg likar godt den ryddige og greie måten du oppsummerer vekene vi har vore igjennom på. Det høyrer heime med både ris og ros når ein ber om attendemeldingar, og kan hende er det ikkje naudsynt med den 1.punktpraksis dagen for framtida, det må vi sjå på. Men den de har ansvar for sjølv, trur eg vi skal halda på. Takk for ærlig og ryddig feedback, Malin...
Birgit :-)
Hei.
Er utnemnt til din nye kritiske venn. Ser du har fått mykje ut av born og nye medier og det er jo bra. Det eg lurer på i dette tilfellet er om du synest noko kunne vore gjort anleis i dei vekene me har jobba med det??
Må sei meg einig i det du nemner om punktpraksisen. Me hadde heller ikkje peiling på kva me skulle gjera på denne dagen før me kom ut på Langeland. men men ofte rot mellom Høgskule og praksiskular.
Eg kunne ikkje tenkt meg å gjort noko anna anleis, enn det eg allereie nemnte med den første punktpraksis-dagen. Kvifor ikkje leggje denne dagen inn i praksisperioden vår? :) det hadde vore mykje enklare, då me då hadde vore på skulen i desse vekene likevel.. elles er eg stort sett nøgd med opplegg og tema, og korleis dette er blitt gjort.. :)
Legg inn en kommentar