
Det var utruleg interessant å sjå korleis dei ulike gruppene hadde valt å leggje fram sitt resultat, korleis dei ulike gruppene med den same læringsteorien hadde tolka den einskilde teorien, og kva dei hadde lagt vekt på. Eg vart, som sikkert ganske mange andre, godt imponert. Eg lærte ein del av å sitje å høyre på dei andre gruppene, og det som var så kjekt var at eg lærte noko nytt av så og seie kvar gruppe. Det var nesten ingen grupper som hadde det same fokuset på framføringa, sjølv om læringsteorien var den same.
Sjølv synest eg at framføringa til mi eiga gruppe gjekk veldig bra. Det som var litt spesielt med vår framføring, var at me hadde valt ein heilt annan vri enn mange av dei andre gruppene. Me satsa på ein stum/mime-variant, og prøvde så godt som råd var å formidla vårt syn på kva kunnskap er og vårt syn på korleis born best lærer. Eg trur me fekk til dette, og eg trur ikkje at me hadde ein vanskeleg vri sjølv om framføringa ikkje vart så konkret som mange andre. Då dei fleste medstudentane på førehand skulle ha sett seg litt inn i og vite litt om dei einskilde teoriane, var meininga at dei difor ut frå situasjonane våre, kunne lese kva for ein teoriane det var me prøvde å formidla. Poenget vårt med framføringa, var å setje dei ulike læringsteoriane litt "på spissen", slik at dei kanskje vart enklare å forstå, og for å sjå ulikskapane/skiljet mellom dei. Dei læringsteoriane me hadde teke utgangspunktet i, var behaviorismen, kognitivismen, kostruktivismen og MI-teorien...
Seinare revidering:
Grunnen til at me tok utgangspunktet i nettopp desse fire læringsteoriane, var fordi me synest at ein god kombinasjon av desse utgjorde det me såg på som "den beste måten å lære på".
Behaviorismen står for stimulus-respons-metoden, der mennesket er eit objekt utan sjølvstendig vilje, tankar eller kjensler. Mennesket vert påvirka av ein stimulus (til dømes ei bjelle), som deretter blir etterfølgd av ein reaksjon/respons (spyttproduksjon). Difor kan ein seie at mennesket er ein maskin, som handlar etter gjevne stimuli. Me ynskte å ta utgangspunkt i denne teorien, då han for det første er mykje brukt i skulesamanheng, og for det andre er ein interessant teori. Det at "alt" blir sett litt på spissen, ved at ein kan få ein person til å gjere som ein vil, er jo ganske fascinerande. Straff og belønning er sterke verkemiddel, og sentrale teoretikarar er her John B. Watson, Burrus F. Skinner og Edward L. Thordike.
Vidare gjekk me også for konstruktivismen, den sosiale konstruktivismen, som står for at kunnskap må sjåast i lys av den kulturen og det språket som ein person høyrer heime i. Kunnskapen blir til i den sosiale samanhengen. Språket står med det i ei særstilling, og er viktig i forhold til korleis ein ser verda på. Språk finst overalt i læringsarenaen, og dette synest me var såpass jordnært, at me ynskte å ha også denne teorien med.
Den siste teorien me valte, var MI-teorien. MI-teorien står for dei mange (åtte) intelligensane:
- Lingvistisk intelligens (språklig intelligens)
- Logisk-matematisk intelligens
- Musikalsk intelligens
- Spatial intelligens (for forståelse av rom)
- Kroppslig-kinestetisk intelligens
- Intrapersonlig intelligens (sosial intelligens)
- Interpersonlig intelligens (intelligens for selvinnsikt)
- Naturalistisk intelligens
Eg må innrømme at eg "datt litt vekk i draumeland" på slutten; for min del vart det kankje litt for mange framføringar etter kvarandre. Godt at me fekk mange pausar! Alt i alt ei kjekk økt, og ikkje minst ei kjekk oppgåve - når ein først var komen i gong. Eg kan godt ynskje meg fleire slike oppgåver.
Elles vil eg tru, i alle fall frå den ståstaden eg står nå, at eg i mi eiga rolle som lærar i byrjinga vil nytte meg av ein god blanding av mange teoriar. Då eg endå ikkje har så godt innsyn i teoriane, veit eg heller ikkje korleis undervisninga ville blitt lagt opp i forhold til dei ulike teoriane. Eg gler meg til å jobbe meir med teoriane, og prøve å danne meg ein pedagogisk plattform.
Seinare revidering:
Å danne seg eit pedagogisk grunnsyn, er viktig. Eit pedagogisk grunnsyn er dei haldningane, verdiane og røyndomsoppfatningane som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd (Lillemyr og Søbstad 1993). Det pedagogiske grunnsynet ein dannar seg, og læringsteoriar heng saman: Medan læringsteoriane seier noko om korleis læring skjer, seier det pedagogiske grunnsynet noko om korleis ein sjølv synest er den rette måten å lære på. Det pedagogiske grunnsynet trur eg ein rett og slett finn ved å spørje seg sjølv om kva ein synest er viktig: Kva set eg som høge verdiar, kva synest eg er rett i denne samanhengen, kva meiner eg om det? Kva er den "rette" måten å lære på? Kva meiner eigentleg eg om bahaviorismen? Slike spørsmål er med på å forme oss, og dannar til slutt eit pedagogisk grunnsyn. Det pedagogiske grunnsynet blir med det liggjande til grunn for planlegging og undervisning. Korleis lærer elevane mine best? Grunnsynet er heller ikkje statisk, men derimot foranderleg. Ein opplever og erfarer stadig nye ting, som ein kanskje ynskjer å ta med seg vidare. I forhold til læraryrket er det godt å ha ein stabil plattform å "lene" seg mot; å ha eit felles pedagogisk grunnsyn innad i skulen. Då veit ein at alle jobbar fram mot det same målet, og at alle ynskjer det same for elevane og skulen.
Mi-teorien var ein teori som eg særskild beit meg merke i, då det er denne teorien Skåredalen Skole legg opp undervisninga si etter. Ein annan grunn var at eg ikkje hadde høyrd om denne teorien frå før. Dette er absolutt ein interessant læringsteori. Eg lærte ein del nytt av den gruppa som hadde framvising av denne teorien, og dette er også ein teori som eg kunne tenke meg å få teste ut i praksis.
2 kommentarer:
Hei;)
Eg og syns alle gruppene var utroleg flinke, mye variasjon. Eg likte godt framføringa til gruppa di, det var ei litt annleis framføring enn dei andre. Men er det noko spesielt du kjem til å ta med deg videre etter å sett framføringane, feks ang framføringsmetodar eller noko spesielt fra ein teori?
Hilsen Hilde Marie
Legg inn en kommentar