mandag 15. oktober 2007

15/10-07 Samandrag etter eiga økt

Sist veke fekk me eit oppdrag: Dei ulike praksisgruppene skulle på ein eller annan måte leggje fram ein eller fleire læringsteoriar, og finne ut i kva for retning me ville ha teke på undervisninga vår. Spanande, men krevjande! Me fann oss eit grupperom på slutten av dagen og snakka litt fram og tilbake om korleis me skulle ta fatt på arbeidet. Me byrja på oppgåva slik at me fordelte dei ulike læringsteoriane på kvar av oss. Deretter skulle me til dagen i dag ha sett oss litt inn i vår teori på den måten at me kunne forklare han til dei andre medstudentane. Det eg synest var vanskeleg ,var å finne ut kvar det sentrale i kvar teori låg. Det var til tider også vanskeleg å forstå kva det var den einskilde teorien eigentleg ville fram til, og eg lurte ofte på om eg i det heile hadde forstått det rett. Det som eg innser, er at min læringsplattform nokså sikkert til å byrje med vil kome til å bestå av ein god blanding av mange ulike læringsteoriar. Kvar einskild teori har kvar sine logiske og sentrale poeng, som alle kan høyre inn under eit godt undervisningsgrunnlag. Kvar læringsteori har noko å bidra med. Eg gler meg til å sjå korleis undervisninga mi vil verte sjåande ut om nokre år...
Dette arbeidet med fordeling av teoriar fungerte likevel, alt i alt, ganske greitt, men då det var mykje pensum og nok av litteratur å ta av, klarte me (sjølvsagt) ikkje å setje oss inn i alt. Me tykkjer likevel at me har fått eit godt innblikk i dei fleste teoriane.

Heile dagen i dag har gått føre seg på Høgskulen i Haugesund. Her har me hatt brainstorming angåande korleis me ønskjer å leggje fram resultatet vårt. Det har vore mange gode idear som har "poppa" opp undervegs, og til slutt vart me sitjande att med eit resultat som me tykkjer kan vere brukande til framføringa. Så står det berre att å sjå korleis det går om ei veke:)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, det skal bli spanande å sjå kva gruppene har einast om, eller ikkje einast om?! Eg gler meg i alle fall veldig! Om de treng treng nokon å samsnakka med i løpet av veka, er det velkomne opp på kontoret mitt for ein prat... Eg er jo her for å hjelpa... Lukke til med førebuingane til framføringa.

Birgit :-)

Hilde Marie sa...

Hei!

Eg syns du skriv veldig bra Malin, er spennande å lesa og god flyt;) Er ikkje lett dette med læringsteoriar, eg slit sjølv med å finna ein teori, eg tykkjer mange har bra poeng og dårlege poeng. Eg trur nok at eg kjem til å bruka ein blanding av alle saman i undervisninga mi. Det viktigaste blir vel å vera bevisst på kva slags ein brukar og kvifor! Gler meg til å sjå kva gruppa di har komt fram til.