
Som alle veit, har førsteinntrykket, når ein skal verte kjende med nye personar og stadar, mykje å seie. Dette førsteinntrykket klarte Skåredalen Skole og dei tilsette ved skulen å levere bra. Den første dagen vart me godt mottekne, og eit informasjonsmøte om skulen, elevar og erioden var sentralt. Eg har fått eit godt inntrykk av skulen som heilhet, og ikkje minst av alle dei trivelege tilsette ved skulen. Praksislæraren vår la ting til rette for oss, og kjensla mi seier at praksislærar og praksisgruppa mi gjekk godt i lag og fann tonen.
Læraryrket er eit krevjande yrke som møter spanande utfordringar kvar dag. Når det er sagt så tykkjer eg at praksislæraren vår var ein utruleg dyktig lærar, og frå min ståplass eit godt døme på korleis ein god lærar skal opptre. Ho var motiverande, og såg alle elevane i klassen sin. Ho visste korleis ein kunne tilretteleggje for einskilde elevar. Samtlege elevar hadde repekt for ho, og med det meiner eg mellom anna at dei sa og gjorde slik som ho sa. Elevane visste kor langt dei kunne strekkje seg før det var gått for langt, og samtlege av dei undervisningstimane eg såg ho i, var godt førebudd og ikkje minst spanande. Ho hadde lagt fagstoffet og undervisningsmetoden opp på den måten at det utfordra elevane, at dei fekk gå utanfor si eiga grense ("speilegget"). Her kunne ein til dømes finne både deduktiv og induktiv metode innanfor den same timen, og gjerne innanfor den same arbeidsoppgåva. Slik som praksislæraren var i rolla si, så kan eg tenkje meg at ho har bygd opp eit godt og solid grunnlag for hennar eiga undervisning. Den pedagogiske plattformen viste godt att på måten ho la fram både fagstoffet, undervisningsmetodane og den generelle undervisninga på.
Det eg også konkret har lært, er korleis ein kan nytte observasjon i skulen til så mange nyttige formål. Observasjon er noko eg i praksis aldri har vore borti før, så det var spanande å få prøve ut ulike observasjonsmetodar, og å sjå korleis dei ulike metodane hadde ulike formål.
Det som var kjekt å sjå, er korleis utviklinga innanfor den norske skule har gått til værs! Mykje har forandra seg sidan eg gjekk på barneskulen, og hadde du spurt ein lærar om kva Fronter og digitale/interaktive tavler var, var det nok ingen som kunne ha svart på det. Det er kjekt å sjå at det ein lærer i lærarutdanninga blir gjennomført i praksis, i alle fall på dei nyaste skulane. Eldre skular er nå på gang mot eit meir moderne samfunn dei også! Det at IKT er blitt ein av dei fem grunnleggjande kompetansane til elevane, på lik line med det å kunne lese og skrive, tykkjer eg er spanande! Inga handling utan konsekvens: Det set også meir lit til læraren si evne til heile tida å halde seg oppdatert.
1 kommentar:
Hei;)
Det var spennande å lesa om korleis du hadde hatt det i praksis. Så bra at praksislæraren din går foran som eit godt eksempel. Eg syns det er veldig spennande og lærerikt å ha praksis, det er først då me ser kva me har begitt oss ut på! Lykke til i neste praksisperiode, eg tror det kjem til å gå kjempe bra;)
Hilsen Hilde Marie
Legg inn en kommentar