torsdag 3. april 2008

31/03-08 Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er for meg eit av dei viktigaste omgrepa innanfor skulesamanheng. Ingen elevar er like, og berre det seier ikkje så altfor lite. I ei draumeverd skulle det i ein klasse ha vore så mange arbeidsplanar som talet på elevar - arbeidet skal tilpassast den einskilde! Men kvar ligg ressursane...? Andre tankar eg gjer meg er om ein lærar i det heile har moglegheit til å tilpassa arbeidet til 20/25 elevar kvar dag? Korleis kan dette vere mogleg i praksis, når me veit at alle elevar lærer på ulike måtar (ulike læringsstilar)?

Tilpassa opplæring er eit tema ein ikkje kan lesa seg til, frustrerande nok. Det finst ikkje noko fasit på korleis ein skal eller bør tilpassa arbeidet til den einskilde elev. Dette er noko ein lærar må lære seg på eiga hand, etter erfaring eller i samråd med andre. Det finst sjølvsagt mykje litteratur som er skrive om tilpassa opplæring, men i bunn og grunn er det den einskide lærar som må finne ut korleis ein sjølv vel å gjere det. Frå klasse til klasse kan det vere ulike metodar som vert sett i bruk.

Tilpassa opplæring vart lovfesta i 1998. Ikkje før? har eg tenkt.. men som Åshild påpeika i timen: sjølv om lova kom i 1998, tyder ikkje det at ikkje dette har vorte praktisert i lengre tid. Det at det no er ti år si denne lova kom, tyder i alle fall på at me er på rett veg. Tilpassa opplæring er ei plikt for skuleeigarar og personal til å gje ei god og forsvarleg opplæring ut i frå einskildeleven sine evner og forutsetnader. Det er her nøkkelomgrepa ligg! Eleven sine evner og forutsetnader.. Om ikkje arbeidet vert tilpassa, kva utbyte får då eleven av undervisninga/opplæringa? Ingenting. Me er her inne på at læraren, medelevar eller andre med meir utvida kunnskap, skal fungere som eit stillas (Bruner) for den aktuelle eleven; som skal støtte eleven og "push'e" han fram mot den neste høgda eller det neste nivået i hans eller hennar utviklingstårn. Den proksimale utvklingssona er også eit viktig omgrep frå teorien som passar inn i dette tema.

Det finst mange årsker til at elevar treng å få tilpassa opplæringa. Autisme, lese- og skrivevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, dyskalkuli (matematikkvanskar), MBD, ulike former for utviklingshemming og syns- og hørselvanskar, er døme på problemområde.

Tilpassa opplæring er eit av dei områda eg på ein annan måte synest er vanskeleg å forhalde meg til. Det å ikkje ha ein fasit på korleis ting skal organiserast eller planleggast, er utfordrande. Det er opp til deg sjølv kva du synest er best i den aktuelle situasjonen. Det seier også difor mykje om kor vitig planlegginga av undervisninga er. Her må ein verkeleg bruke hovudet!

Eg vel å avslutte med sitatet frå Johan Amos Comenius: Alle kan lære alt.

Seinare revidering:
Når det gjeld erfaringar om TPO knytt til praksis, fekk eg jo oppleve og erfare litt på dette område sjølv. Det å plutseleg måtte ha eit tilleggsansvar for to elevar, som til vanleg har timar saman med eigen assistent, var svært utfordrande. Desse to elevane krevde sitt, men det gjorde også dei tjue resterande elevane i klassen. Dei to gongene dette skjedde, takla eg det på ulike måtar, og heldigvis viste klassen forståing for at eg var nøydd til å tak i dei to elevane og gje dei mi merksemd, den eine gongen eg valte dette. I slike tilfelle blir med eitt yrkesetikken dradd inn i biletet, og ein må då stille seg det store spørsmålet: skal ein omsyn til den eine eller fleirtalet? Konklusjonen på dette spørsmålet hadde nok blitt eit heilt anna om dette hadde vore tilfellet gjennom heile praksisperioden, eller gjennom eit heilt år. Då kunne eit slikt val fått store konsekvensar, anten for klassen eller for dei to elevane. Den andre gongen valte eg derimot fleirtalet si nytte av timen, og lot dei to elevane få sitte på pultane sine å halde på med sitt (teikne, skrive forteljing o.l.). Dette blir slike "nødløysingar" som eg trur titt og ofte kan forkomme i skulekvardagen. På lang sikt trur eg ikkje dette gjer så mykje, berre det ikkje skjer for ofte.

Elles opplevde eg ikkje så mange andre erfaringar i forhold til TPO. Då desse to elevane til vanleg hadde assistent, vart det med det ein mindre "utfordring" for oss.

Gunn Imsen har laga ein modell som eg synest var god. Modellen er ikkje eit endeleg svar på korleis skulen skal tilpasse seg kvar einskild elev sine forutsetningar, men står heller for ein måte å tenkje på når ein skal tilretteleggje undervisninga. Denne modellen står for elevsida ved tilpassa opplæring, og ikkje undervisningssida. Undervisningssida vert eit anna tema att. Modellen er inspirert av mellom anna kulturteori, Gardner, motivasjonsteori og kognitiv læringsteori, og kan setjast opp i åtte punkt:
  • Kulturell forankring
  • Kognitive evner
  • Fagleg kunnskapsnivå
  • Motivasjon og interesse
  • Fysiske forutsetnader
  • Sjølvinnsikt
  • Sosial utvikling
  • Kunstneriske evner
Modellen viser med det litt av alle dei aspekta som finst ved tilpassa opplæring. Dette er utfordrande, men samstundes trur eg det er viktig ikkje å setje seg for store mål som ikkje kan oppnås. Ein må finne ei realistisk løysing på problemet!

Dette seier også Gunn Imsen noko om: Ein må ikkje setje seg uoppnålege mål, men heller ikkje legge lista for lågt, og å definere TPO for snevert. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i elevane sin forkunnskap, eller berre i einskilde intelligenstrekk, når ein skal tilpassa opplæringa. Som modellen over tilseier, er det mange faktorar som bør ligge til grunn for ein måte å tenkje på i forhold til TPO. Utfordrande, men også veldig spanande!

1 kommentar:

Geir Martin sa...

Svært bra reflektert blogginnlegg! Som du seier kan ein ikkje "lesa" seg til tilpassa opplæring, sjølv om ein kan læra mykje på den måten. Det er i praksis me lærer å bruka tilpassa undervisning. Då må eg spørja: Kva lærte/erfarte du om tilpassa undervisning då du hadde praksis? :-)