søndag 27. april 2008

Refleksjonsnotat - takk for i år!

Så var tida komen for det aller siste innlegget i pedagogikkbloggen min for i år. Vemodig, men også utruleg godt å tenkje på at eg er eitt år nærare læraryrket. Året har gått kjempefort, og eg sit att med mykje god kunnskap, som eg gler meg til å setje inn i ein samanheng. Ærleg sagt, så hadde eg vel ikkje så mange forventningar til padagogikkfaget då eg byrja. Eg var mest spent på kva faget kom til å innehalde og korleis det kom det å bli, for eg visste at dette kunne vere eit litt "vrient" fag, der eigne meiningar og haldningar til ulike tema, var ein viktig del av den personlege veksten i faget. Frustrasjon og usikkerhet er difor stikkord som eg gjer uttrykk for i dei første innlegga mine.. :)

Spent var eg også til bloggskriving. Blogg var i haust noko heilt nytt for meg, og eg trur at eg ikkje var åleine om å tenkje at dette var "ein unødvendig og tidkrevjande metode". Men du kor glad eg er for det i dag! Bloggskrivinga har vore tidkrevjande, ja. Men på same tid har denne arbeidsmetoden "tvunge" oss til å setje oss inn i både forelesningar og pensumlitteratur, for i det heile å kunne skrive noko. Ein har måtta gå inn i seg sjølv, og lage seg opp sine eigne tankar og meiningar om dei ulike tema, og på denne måten fått fram både kunnskap, erfaringar og meiningar. Eg berre tenkjer på kor mykje av mi tankeverksemd eg har fått ned på papiret no, enn om eg hadde hatt seks timar på ein ordinær eksamen, der eg på denne vesle tida skulle ha reflektert gjennom heile året. Eg trur også kunnskapen sit mykje fastare, når ein får bearbeida fagstoffet på denne måten. Ein gjer fagstoffet til "sitt eige", der ein bruker formuleringar ein sjølv forstår, og der ein set kunnskapen inn i andre samanhengar. Eg vil nytte meg av denne moglegheita til å takke for at me har fått lov til å gå opp til eksamen på denne måten, med både bloggskriving og oppgåveinnleveringar. Denne eksamensmetoden trur eg har gjort sitt at studentane har fått fram erfaringane og kunnskapane sine på ein heilt annan måte.

Pedagogikkfaget for meg, har vore heilt topp. Som eg har gjeve uttrykk for, både ovanfor og i tidlegare innlegg, har det ført til mang ein frustrasjon. Likevel har me gong på gong fått sagt til oss, at dette er eit fag som ein kjem til vekse mykje i, både på eit personleg og på eit fagleg/kunnskapsbasert plan. Og det har eg gjort. Frå å i haust ikkje vite kva pedagogikkefaget var for noko, har eg vakse til å ha meiningar og tankar kring dei fleste tema faget har teke opp. Eg synest Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Pedagogikk, skildrar pedagogikkfaget svært godt:

Som fag har pedagogikk både en teoretisk og praktisk side. Teoretisk dreier det seg om å beskrive og drøfte oppdragelse og undervisning og belyse forholdet mellom disse virksomhetene og individ, samfunn og kultur. Praktisk dreier det seg om gjennom ulike undervisnings- og oppdragelsestiltak å legge til rette for læringsprosesser for tilegnelse av kunnskaper og ferdigheter, holdninger, normer og verdier og for utvikling av de ulike sider ved menneskets personlighet.

Me har gjennom dette året fått prøve oss både på den teoretiske og den praktiske sida av faget. Tankar om korleis og i kor stor grad barneoppdragelse skal gjerast innanfor skulen, og korleis ein skal leggje opp undervisninga, har vore spanande, men svært urfordrande tema som har gått som ein raud tråd gjennom heile året. Det er dette pedagogikkfaget er. Store spørsmål om korleis, kva og kvifor innanfor skuleverket. I år har me nok berre fått ei "innleiing" til faget, og eg gler meg til å byggje ut kunnskapen min i dette faget til neste år!

Eg har gjort meg mange erfaringar gjennom dette året. Å få vere seks veker ute i praksis, har vore svært lærerikt. Eg siterer Dewey : "Learning by doing". Eg gjekk i fjor på kroppsøving årseining, men det å undervise i ein gymnastikksal i forhold til eit klasserom, kan ikkje samanliknast. Det er snakk om to ulike læringsarenaer, med heilt ulike eigenskapar. Planlegging og gjennomføring av eigne undervisningsopplegg, har vor spanande. Her kjem den didaktiske delen av pedagogikkfaget inn, med spørsmåla KVA, KVIFOR og KORLEIS. Tre spørsmål som er grunnpilaren for undervisninga. Om ein ikkje har tenkt gjennom desse punkta, har ein lærar etter mi meining ikkje nokon ting å gjere i ein læringsarena. Praksislærar har vore kjempeflink til å rettleie oss; gjeve råd og tips om korleis ein kunne ha gjort det og det anleis, og gjeve ros og klapp på skuldra der ein verkleg har truffe hovudet på spikeren. I tillegg til undervisningspraksisen, har eg fått mykje ut av den første veka me var i obesrvasjonspraksis. Eg ante ikkje at det å observere kunne gje ein såpass mykje informasjon gratis. Samstudes synest eg det er vanskeleg å skilje mellom det å observere og det å tolke. Tolkinga kan lett kome inn i bilete, og farge av på observeringa, som eigentleg skal vere heilt objektiv. Feiltolking er også eit ord som skal seiast kan vere med på å lage eit feil bilete på obesrvasjonen.

I tillegg til den praktiske erfaringa, har kunnskap og erfaringane for det meste kome gjennom dei mange (interessante!) forelesingane, og med det grunnlaget har eg stort sett fordjupa meg i både aktuelle lenkjer og delar av pensumlitteraturen. Dei mange lenkjene som har blitt lagde ut, har vore spanande og sett på. Eg har naturlegvis ikkje sett på alle, men eg har prøvd og vore innom minst ei lenkje til kvar forelesing. Lenkjene har hjulpe meg til å sjå det aktuelle temaet frå andre sider, og av og til har lenkjene vore til hjelp for å forstå fagstoffet betre. Heilt supert at me i alle fall har fått moglegheita til å fordjupa oss meir! Når det gjeld pensumlitteraturen, har eg for min del halde meg mest til Gunn Imsen og Lyngsnes & Rismark sine bøker, då eg synest desse var mest lettleste, pluss at dei hadde mange gode emne og poeng.

Som nemnt tidlegare, har arbeid med både casar og andre oppgåver, vore gjevande. Eg sat særskild pris på oppgåva om Mons, der ein skulle prøve å kartleggje problem og finne alternative tiltak. Eg har stor tru på læring gjennom å jobbe med slike oppgåver; eg sit i alle fall att med mykje meir kunnskap enn eg trur eg ville gjort ved berre å lese fagstoffet. Her har ein eit tilfelle å jobbe ut i frå, og ein får med det sett kunnskapen inn i ein verkeleg samanheng. Sjå elles andre tankar og elles mi begeistring for denne oppgåva under innlegget om motivasjon...

Eg har lært meg sjølv å kjenne på ein heilt annan måte i løpet av dette året. Noko av det eg verkeleg har måtta gå inn i meg sjølv for å finne ut, er kor i leiet eg står i forhold til det pedagogiske grunnsynet. Eg har i løpet av dette året fått innblikk i mange læringsteoriar, og har med det tenkt mykje på kva eit pedagogisk grunnsyn er for noko, og kva som eigentleg er/kjem til å bli mitt pedagogiske grunnsyn. Kva synest eigentleg eg er den beste måten å leggje fram fagstoffet på? På kva måte trur eg at læring best skjer? Kva verdiar synest eg er viktige å leggje vekt på? Eg synest framleis desse spørsmåla er svært kompliserte og utfordrande å svare på, og eg synest det er viktig å presisere at ein ikkje kan sjå ein læringsteori berre ut i frå seg sjølv. Alle læringsteoriane har på ein eller annan måte noko til felles. Eg har prøvd å gjere meg opp nokre tankar om mitt pedagogiske grunnsyn:
Kunnskap er ikkje berre noko ein kan lange over til elevane; den skal konstruerast (konstruktivismen). Læringa og lærestoffet skal vere utfordrande for eleven, og elevane må få lov til å utforske ved til dømes å prøve/feile. Samarbeid og samhandling med andre er viktig for læreprosessen (sosiokulturekk teori), og det skal presiserast at alle ikkje kan alt, men alle kan noko (Mi-teori). Læraren skal ikkje gje alle svara til elevane før dei har fått prøvd på eiga hand. Kunnskapen blir stadig endra, anten ved at ein byggjer på, eller at ein lærer noko heilt nytt. Ikkje minst er det viktig at læringa er tilpassa den einskilde elev under individuelle forutsetnader (urealistisk?!), og at eleven får utfordringar ut i frå sitt evnenivå (den proksimale utviklingssona). Dette er ein brøkdel av den kunnskapen eg i løpet av året har tileigna meg, og noko av det eg ser på som god undervisning.

Ved både å vere i praksis og ved hjelp av forlesingane, har eg verkeleg fått ein innblikk i kva lærarrolla inneber, og kor mykje ansvar som kviler på ein lærar. Ja, det er til å verte skremd av! Undervisningsleiar, omsorgsperson, rollemodell, vaksenleiar, rettleiar, foreldrekontakt.. slik kan ein fortsetje.. slike roller som dette var ikkje ukjent for meg, men det er først i løpet av dette året eg verkeleg har fått tid til å tenkje over kva eg er på veg inn til, og kor stort ansvar som kviler på ein. Dei som trur at folk "berre vert lærarar", må berre tenkje seg om ein gong til før dei uttalar seg! Å kunne handtere ulike digitale verkty, er også ein fordel for dagens lærar. Då dette er blitt ein av dei fem grunnleggjande dugleikane, stiller dette store krav til læraren. På dette planet har eg tileigna meg mykje nyttig kunnskap i løpet av året som er gått. Animasjon, bilethandsaming og nettvett, har vore kjekke og interessante tema å jobbe med. Eg trur mange fekk seg ein liten bakoversveis ved syninga av diverse statistikkar i forhold til chatting o.l. Det er mange farer som luskar, og det er difor viktig at me som lærarar eg klar over dette, og at me kan gjere det me kan for å forebyggja. Grunna tid, har me berre fått eit lite innblikk i alt det som finst av digitale moglegheiter. Eg er likevel takksam for det me har fått lagt fram. Eg har i løpet av praksisperioden fått testa ut korleis eg fungerer i lærarrolla, og eg trur eg har eit brukbart grunnlag til å jobbe vidare med. Å vere meir tydeleg, og setje klarare grenser, er ting som eg og praksislærar meiner eg bør jobbe meir med. Heldigvis er dette det første året mitt:)

Elles ynskjer eg å takke for eit flott studieår; særskilt Birgit som har gjort sitt til at dette har blitt eit svært lærerikt år for meg! Ho har vore ein flott inspirator og ei rein inspirasjonskjelde, med hennar levande forelesningar og brennande engasjement for faget. Eg har no eit grunnlag til å uttale meg om kva pedagogikkfaget går ut på, og kva utfordringar ein kan kome til å møte.

3 kommentarer:

Hilde Marie sa...

Hei!
Kjempe bra oppsummering Malin! Du skrive veldig bra, og det er god flyt som gjør det lett å lesa. Eg følge litt med på bloggane te folk, spennandes å se ka dåkke har om. Savne klassen og litt studie... Lykke te med eksamensinnspurten. Eg tror du komme te å bli ein veldig flinke lærar;)

Klem fra Hilde Marie

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Hilde Marie!
Så kjekt å høyra frå deg, og ikkje minst så kjekt at du held deg oppdatert, både fagleg og når det gjeld bloggane våre! :) håpar du har det bra, og at du trivs med studiet.. Klem

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Takk for i år, Malin...
Det har vore ei gleda å bli betre kjend med deg. Lukke til med eksamensinnspurten i dei andre faga.

Birgit :-)