Av
En påske er over
de gule skal hjem
Ned i en eske
med pynt fra i fjor
Ja, då var endå tre veker på Skåredalen Skule i Haugesund forbi. Vekene har gått vanvittig fort, noko som kanskje er eit tydeleg teikn på at eg har hatt det kjekt...! Det var kjekt å møte klassen "vår" att, og det trur eg også dei syntest. Sorgen var i alle fall stor då dei fekk vite at det var den siste moglege dagen til å få boller eller sjokoladekake..
Forelesinga denne mandagen tok føre seg diverse omgrep knytt til det psykologiske sjølvet, og korleis dette utviklar og endrar seg opp gjennom barne-, ungdoms- og vaksenåra. Ærleg sagt synest eg dette er ein litt vanskeleg teori som må "tyggjast" fleire gonger. Det er nok mykje grunna at eg så gjerne vil plassere dei ulike omgrepa konkret, men som er så vanskeleg, då det er omgrep som set ord på ulike psykologiske/kognitive abstrakte prosessar.
Dagen i dag var sett av til ei såkalla ynskjeøkt frå klassen si side. Temaet for timane var spesialundervisning, eit område ein garantert vil kome bort i som lærar, anten ein har teke utdanning innanfor dette fagområdet eller ikkje. Det er viktig område å kjenna til, og ikkje minst eit område som stadig aukar i omfang. Då særleg omsorgssvikt som gjeld det som har med det kjenslemessige å gjere, til dømes mobbing, omsorgssvikt, vanskelegheiter i heimen og liknande. Når dette er sagt burde det kanskje vore lagt opp til meir spesialpedagogikk i lærarutdanninga? Kva med å sette dette inn som eit obligatorisk fag, når vi på førehand veit kor viktig denne kunnskapen er...?
Me har no over ein periode på fire veker hatt "born og nye medier"
Den delen som omhandla sikker nettbruk, har også vore kjempelærerik! Ein har alltid litt bakkunnskap om chatting, personalia ute på veven og liknande, men ein kan likevel aldri bli overraska nok over resultat, prognosar og undersøkingar som går på vanane til unge i dag. Kjempeflott å få ei god innføring innan dette området, og ikkje minst ei god påminning om kva som nok ein gong høyrer innanfor læraren sine oppgåver. Ord som plagiering og Åndsverkslova er også stikkord som eg set pris på å ha kjennskap til. Å få analysere ein nettstad var noko av arbeidet me fekk lov å jobbe med i frohold til dette emnet. Kva sider bør ein ikkje la ungane/elevane få tilgong til, og kva for sider er sikre og lærerike? Heilt supert å få lov til å vurdere ulike nettsider sjølve, og å få lære kva ein bør sjå etter når ein skal velje slike nettstadar for born.No har eg kome med mykje ros og litt ris. Uansett har desse vekene vore utruleg lærerike, det kan eg ikkje seie for mange gonger. Det er eit opplegg skulen absolutt kan byggje vidare på! Sjå elles dei einskilde innlegga..
Som overskrifta allereie har avslørt, jobba me i dag med temaet motivasjon. Me fekk moglegheita til å velje arbeidsformene i dag, og klassen vart difor einige om at me ville jobbe med førelesinga på eiga hand, og jobbe med samarbeidslæringsoppgåva på skulen.Teoriar om motivasjon er noko som var delvis kjent for meg, då me jobba med dette i fjor då eg gjekk på kroppsøving. Eg synest sitatet av Voltaire seier utruleg mykje: Ein skal ikkje slukke ein brann, men tenne ein ild. Ja, motivasjonen må tennast hjå eleven om han eller ho skal få noko ut av læringsprosessen. Det er stor forskjell på indre og yrte motivasjon, og i skulesamanheng er det ofte kanskje den ytre motivasjonen som er enklast å dekkje. Karakterar, gode tilbakemeldingar og liknande er "belønninga" eleven får om han gjer det godt. Her trer den behavioristiske læringsteorien inn, og eg skjønar nok ein gong at denne teorien står sterkt i skulen. Det som er ved den ytre motivasjonen, er følgande: Kva med prossesen fram til dei gode karakterane? Kva sit eleven att med? Då er ein inne på fenomenet instrumentalisme i skulen (instrumentalisme: ”i pedagogikk blir dette ofte videreført når man omtaler læringssituasjoner der middelet til slutt blir et mål og der refleksjonen over egne handlinger opphører.” (Bø og Helle 2005:111)). Det vil seie at motivasjonen blir styrt mot belønning i skulen, og ikkje mot aktiviteten eller innholdet i seg seg sjølv. Dette er kan ikkje få positive verknader over lang tid, kan det vel??
Seinare revidering:
Etter å ha jobba med motivasjonsoppgåva med Mons, har eg noko meir som eg vil tilføye. Ein lærer stadig! Då me jobba med oppgåva, fekk eg eit heilt anna syn på det å motivere andre, og hjelpe umotiverte elevar til å ville ta fatt på ei oppgåve. Etter kvart følte eg at eg fekk eit ansvar for å hjelpe Mons, og eg følte eg fekk eit kjennskap til denne gutten! Ganske stilig eigentleg. Men også positivt, for med tanke på resultatet av oppgåva, følte eg (og resten av gruppa) at me hadde kartlagt det som kunne vere problemene hans, og ikkje minst funne tiltak som kunne passe denne guten.
Prestasjonsmotivasjon (frykt for ikkje å meistre den gjevne oppgåva), mangel på det å sjå verdien av ei oppgåve, mangel på tryggleik og oppleve situasjonar der valsituasjonar oppstår, er faktorar som kan forklare kvifor Mons oppfører seg slik som han gjer. Det finst mange moglege årsaker til slik oppførsel, og det er viktig at me som lærarar så fort som mogleg, får kartlagt og observert korleis og i kva for situasjonar slik oppførsel kan oppstå. Deretter kjem det neste steget, som blir å finne ulike tiltak som kan motivere Mons til å gjere det han blir sett til. Døme på tiltak kan vere at Mons får oppgåver som han kan meistre og som kan tirre interessa hans. Andre praktiske tiltak kan vere organiseringsmessig/organitorisk. I "lausrivne" og "avslappa" situasjonar, som til dømes ein utedag, kan lett føre til at Mons glir ut. Mons må få klare retningslinjer, og ein strukturert arbeids-/handlingsplan.
Ein elev som har prestasjonsangst/ som er a-motivert, har angst eller frykt for å ta til på ei gjeven oppgåve. Eleven treng å få oppleve meistring, og den gode meistringskjensla som kjem med. For å få til det, treng ein også då å få oppgåver som er tilpassa det nivået han eller ho befinn seg på. Det skal vere utfordrande, men på eit passande nivå. Oppgåver skal ikkje ta motet frå ein, men tirre nyfikenen og verke interessant! Det er også viktig at ein klarar å sjå verdien i det ein jobbar med. Sjølvbiletet og sjølvoppfatninga til ein kan bli betrakteleg betre om ein opplever å faktisk klare ei oppgåve. Gode prestasjonar skapar positiv sjølvoppfatning, som i neste omgang gjer sitt til endå betre prestasjonar (Imsen 2005).
Denne oppgåva gav meg mykje. Som sagt følte eg at eg hadde eit ansvar for å ordne tilveret til Mons på skulen, og dette ser eg på som positivt! Det var kjekt å få ein konkret case, for ved å jobbe slik, vert ein også nærare knytt til lærestoffet, og kunnskapen blir sitjande betre. I alle fall gjeld det meg.
"I denne bloggen vil eg legge fram meiningane og tankane mine om ulike emne i faget pedagogikk."